Status på vaksineringa i Lom kommune

Klikk for stort bilde Her får du ei oversikt over status og framdrift på vaksineringa frå vaksineteamet i Lom kommune 

Vaksineteamet i Lom har søkt kontakt med 1904 innbyggjarar i Lom, helsearbeidarar i Lom som bur i andre kommunar og personar som har sommarjobb i Lom med arbeidskontrakt på 6 veker eller meir.

95% av dei som ikkje har medisinske grunnar til å avstå frå vaksinering har takka ja.

  • Alle som fyller 18 år i år eller er eldre har fått tilbod om vaksinedato og er sett opp til vaksine. Om nokon framleis ikkje har fått kontakt må dei vende seg i e-post til: vaksinasjon@lom.kommune.no og gjeva beskjed.
  • I samråd med distriktsjordmor og i tråd med råd frå FHI rådar vi til at gravide som ikkje har tilleggssjukdom ventar med vaksine til etter fødsel.
  • FHI legg opp til at alle fastbuande i Lom kan få dose 2 i Lom, sjølv om dei ikkje har meldt flytting hit og har fått dose 1 i anna kommune. Meld frå til vaksinasjon@lom.kommune.no  om det gjeld deg, slik at vi får sett deg opp på lista.
  • Det same som over gjeld og for dei som har sommarjobb her.
  • Studentar skal få sin dose 2 i studiekommunen. Meld frå til vaksinasjon@lom.kommune.no om du får innkalling hit, men ynskjer å få vaksina i anna kommune.
  • For å disponere alle vaksinedosene vi får i tida framover kjem vi til å endre tida for dose 2 til tidlegare dato for enkelte. Vi sikrar minst 4 veker mellom dosene.
  • Vi håpar vaksineringa er ferdig seinast 20. september.

 

Lom kommune

Vaksineteamet v/Christen Halle