Vaksinasjon i Utgard er i gang!

Klikk for stort bildeJorunn Strypet klar til å sette vaksinar i Utgard. Nå har vi endeleg starta med vaksinasjon i Utgard, og torsdag 4. februar var det personar over 85 år som stod for tur.

112 har fått koronavaksine, av desse er det 12 som har fått dose to.

Nå har alle bebuarar på Lom helseheim fått fyrste dose av koronavaksinen, og nokre har og fått dose nummer to og er ferdigvaksinert. Nå er det faktisk ikkje så lenge til dei kan gje kvarandre ein klem, for fyrste gong på lang tid.

Totalt er det 112 som har fått fyrste dose og 12 som er ferdigvaksinert.

Det har vore lagt ned mykje arbeid i planlegging og organisering. Kvar enkelt som er folkeregistert i Lom er skreve opp og prioritert ut frå alder og underliggande sjukdom. Det er laga system for å sikre nødvendig oversikt på mellom anna kven som skal vaksinerast når, kven som har fått ei dose og to doser.

Smittevernet er godt ivareteke med god avstand, handsprit, munnbind og god tid mellom kvar enkelt som skal vaksinerast.

Det er mange involverte – både friviljuge og helsepersonell frå Lom helsesenter. Kvar einaste vaksine blir blanda og kontrollert av to personar.

Du kan med andre ord føle deg trygg på at vaksinasjonen går føre seg på best mogleg vis.

Så er vi takknemlege for at Utgard kan nyttast til dette føremålet. Det plar vere anna type aktivitet i idrettshallen, men atter ein gong må det vike på grunn av pandemien. Vi er glade for at dykk som desse dagane må vere ein annan stad, godtek dette utan problem.

Framover vil vaksinasjonen gå føre seg i Utgard, med mindre du får beskjed om noko anna. Kor mange doser vi får kvar veke veit vi ikkje, men ver trygg på at du får tilbod om vaksine så fort du er neste på lista. Innbyggjarar som skal inn til vaksinasjon blir både ringt og sendt sms til.

Neste vaksinasjonsdag i Utgard er onsdag 10. februar kl 10:00.
Hugs å kome presis til timen og ha på deg klede som gjer det enkelt å kome til på overarmen.

Er det noko du lurar på kring vaksinasjon, så finn du meir informasjon under Vaksinasjon.

På bileta under ser du smittevernkoordinator Hanne Stokke Moen og Dr. Christen Halle som gjer klar vaksinar.