Viruset er kanskje isolert, men det er ikkje stoppa - ein liten status frå Lom kommune

"At viruset er isolert, betyr ikkje at det er stoppa", skriv Fylkesmannen i Innlandet, Knut Storberget. 
I Lom er det per dags dato 0 smitta og 0 i karantene, men faren for smitte er likevel ikkje over.

Samfunnet opnar opp att

Samfunnet blir i tida som kjem sakte, men sikkert opna opp att. Barnehagane, SFO og skule for 1.-4. klasse har opna, det same har kulturskulen. Informasjon om vidare opning får foreldre/føresette frå skulane.  

Dei fleste bedrifter som har hatt stengt, har nå fått bransjestandardar og/eller smittevernvegleiarar dei kan nytte seg av for å etter kvart kunne opne opp att. 

Besteforeldre kan møte barnebarn

Nå veit vi at den viktigaste risikofaktoren er høg alder – særskilt over 65 år. I tillegg veit vi at barn sjeldnare blir smitta og som oftast får mildare symptom.

Regjeringa og FHI har på bakgrunn av dette nå gått ut med at besteforeldre kan møte barnebarn dersom ein held seg til gode smittevernråd. Av dei viktigaste råda så er det at ein ikkje er i lag dersom den eine parten har ein luftvegsinfeksjon. 

Fagdirektør i FHI, Frode Froland har vidare sagt at det beste er om ein kan møtast utandørs for å ikkje vere for lenge saman i eit lite rom. Dersom du er heilt frisk og under 65 år, så kan du møte barnebarna inne, men prøve å halde avstand.

Fleire vil bli testa framover

Fram til nå har det vore berre helsepersonell og risikogrupper som har vorte testa for viruset. Framover vil fleire bli testa, og kommunen har fått beskjed om å førebu seg på å teste opp til 5% av befolkninga i løpet av ei veke. Dette er ikkje nødvendig per dags dato, men det kan bli det. Meir informasjon om dette vil vi kome med så fort kommunen har motteke all nødvendig informasjon frå FHI. 

Restriksjonar

Dykk har stått på i lang tid for å bremse smitta, og mange byrjar forståeleg nok å bli utålmodige. Framover må vi leve med ein del restriksjonar, men fortset det gode arbeidet som nå er lagt ned frå kvar og ein av dykk, så vil vi etter kvart kunne kome attende til ein tilnærma normal kvardag.

Det er framleis slik at vi ikkje skal dra på unødvendige fritidsreiser. Vi må halde oss heime dersom vi har luftvegssymptom, vaske oss ofte på hendene, hoste i papirlommetørkle og ta vare på kvarandre - på avstand. 

Dersom du vurderer å dra på ei fritidsreise, så oppmodar vi deg til å lese FHI sine råd for fritidsreiser

Samanfallande hendingar

Kommunen ynskjer og å informere om at vi følgjer med, og førebur oss så langt det går, på samanfallande hendingar, som til dømes flaum eller ras.

17. mai

Snart er det 17. mai - og det blir ein annleis 17. mai i år. Nå er det smittevern som kjem fyrst. Det skal likevel bli ei fin feiring! Og vi håpar du og din familie kan vere med og gje sambygdingar ei latterkrampe eller ei tåre i augkroken med å laste opp ein filmsnutt av dykkar flaggseremoni på arrangementet på Facebook (sjå lenke under)! Anten du har flaggstong eller ei. Ver så kreative de ynskjer - innafor rimelegheita sine grenser da, sjølvsagt.  

Foreløpig er det lagt opp til at du kan få med deg mellom anna kommunen sin flaggseremoni, messe, song og korpsmusikk på Facebook-arrangementet 17. mai 2020 i Lom - annleis, men fin!  

Det vil og i løpet av dagen bli lagt ut ei digital kunstutstilling i samarbeid med Loar skule, ordføraren vil kome med ei tale, og ikkje minst håpar vi som nemnt på mange bilete og filmar med flaggseremoniar frå deg og din familie. 

Følg med på Facebook-arrangementet for oppdateringar på kva som skjer gjennom dagen. Vi vil og kome med eit ferdig program i Fjuken i neste veke (torsdag 14. mai). 

 

Beste helsing 
Lom kommune

Klikk for stort bilde