Er du vår nye driftsoperatør i Utgard?

Utgard har ledig ei 40-60% stilling som driftsoperatør. Søknadsfrist 19.12.2022.

Vil du bli ein del av laget vårt og gje tilreisande og innbyggjarar i Lom gode opplevingar i Utgard?

Utgard fleirbrukshus er Lom kommune sin arena for idrett og kultur. Vi har idrettshall, svømmebasseng, styrke og spinningrom. Vi har kultursal, kafé, aula og kjøkken som blir nytta til ulike aktivitetar.  Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule avd. Lom har klasserom og kontor i bygget. Det er og tilhøyrande uteanlegg og grøntareal.

Som driftsoperatør i Utgard vil arbeidsoppgåvene vere mellom anna:

  • drift og vedlikehald av teknisk anlegg som ljos, ventilasjon og varmeanlegg
  • vedlikehald av maskiner, reiskap og utstyr knytt til Utgard
  • drift og vedlikehald av heile bygget, idrettsanlegg og kultursal, felles areal m.m.
  • drift og vedlikehald av utandørs anlegg
  • oppfølging av bygg og anleggsverksemd 
  • planlegge og legge til rette for ulike arrangement
  • AV-tekniske oppgåver

Vi søkjer etter ein positiv medarbeidar som er serviceinnstilt og har stor arbeidskapasitet. 
Vi skal digitalisere FDV og treng ein medarbeidar med datateknisk kompetanse. Ein må og rekne med ein del fysisk arbeid.

Vi ser etter deg som mellom anna:

  • er sjølvstendig og strukturert
  • har gode samarbeidsevne 

Personleg eignaheit blir vektlagt.

Ein del av arbeidstida er på kveld og helg, og det kan i periodar bli behov for å utvide arbeidsprosenten. Vi set pris på at du kan starte i stillinga så raskt som mogleg.

Stillinga blir sett i samanheng med marknadsførings- og arrangement medarbeidaren.

Er dette noko for deg? 

Da ser vi fram til å høyre frå deg! Send inn ein elektronisk søknad innan 19. desember 2022.

Har du spørsmål, så ikkje nøl med å ta kontakt med dagleg leiar, Monika Øyen
Telefon: 465 05 428
E-post: Monika.oyen@lom.kommune.no

Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.