FERIEVIKARAR SOMMAREN 2019 - pleie og omsorg

Lom helseheim sett frå lufta - Klikk for stort bilde

Vil du  hjelpe oss i sommar?  Vi treng ferievikarar til ulike avdelingar:

  • Sjukeavdeling 
  • Skjerma avdeling 
  • Kjøken
  • Heimehjelp
  • Heimesjukepleie
  • Aktivitør / dagsenter 
  • Miljøarbeidarteneste
  • Brukarstyrt personleg assistanse
  • Avlastning/aktivisering i høve barn med ulike funksjonshemmingar

 

Vi ynskjer oss sjukepleiarar/vernepleiarar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar og andre som har erfaring frå tilsvarande arbeid innan pleie og omsorg eller personar som har lyst til å få erfaring frå vår sektor gjennom sommararbeid.

Primærarbeidsperiode frå veke 26 til og med veke 33. 

Arbeidstid:  Etter gjeldande turnus med arbeid annakvar helg.

Nærare opplysningar:  Ring pleie og omsorg på telefon:  612 17225

Søknadsfrist: 28.02.2019.

 

Det vil bli høve til å koma på ein open dag for å bli kjent på arbeidsplassen. Dersom det er av interesse, melder du  frå om i det søknaden din.

 

Velkomen som ferievikar!

 

Elektronisk søknad finn de her