Kunne du tenkje deg ei 100% stilling som avdelingssjukepleiar?

Klikk for stort bildePå veg mot Loftet (2170 m.o.h.) Rønnaug Nyrnes Pleie- og omsorgsavdelinga har ledig ei 100% stilling som avdelingssjukepleiar ved sjukeavdelinga på Lom helseheim. Søknadsfrist 25. april 2021. 

Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift og sjukepleiefagleg ansvar på avdelingane
  • Pasient- og pårørandekontakt
  • Overordna ansvar for medisinrom
  • Legevisitt med før- og etterarbeid
  • Delta på tverrfaglege vurderingsmøter og elles oppgåver i samråd med leiar ved institusjon.
  • Avdelingssjukepleiaren er stedfortredar for leiar institusjon.  

Som avdelingssjukepleiar har du leiar av institusjon som næraste overordna. 

Arbeidstid

  • Du som vert tilsett vil få arbeidstid med arbeid 3. kvar helg.
  • To dagar per veke er avsett til administrative oppgåver på dagtid m.a. deltaking i legevisitten – elles inngår avdelingssjukepleiaren i den vanlege sjukepleiarturnusen.

Kvalifikasjonar

Vi ynskjer at du:

  • er offentleg godkjend sjukepleiar eventuelt at du har relevant vidareutdanning
  • har interesse for faget
  • er personleg eigna for stillinga
  • har leiarerfaring

For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med avdelingsleiar Hanne Elisabet Bakken: 40 43 79 41

  • 100% stilling
  • Løn etter nærare avtale
  • Kommunale tilsetjingsvilkår
  • Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.

Er dette noko for deg? Send inn ein elektronisk søknad innan 25. april
Vi ser fram til å høyre frå deg! 

Kontakt

Hanne Elisabet Bakken
Konstituert leiar institusjon
Mobil 404 37 941