Lærarstillingar skuleåret 2023/2024

I Lom kommune kan det bli ledige lærarvikariat i samband med vidareutdanning og permisjonar/anna fråver.

Tilsetting vil skje fortløpande fram til haustferien.

Skulane er plassert midt i den idylliske nasjonalparklandsbyen Lom, rett under Lomseggen, og har eit allsidig og godt tilrettelagt uteområde som saman med nærmiljøet set gode rammer for aktiv læring ute.

Lom kommune har to skular, Lom ungdomsskule og barneskulen Loar skule. Skulane har gode resultat både når det gjeld trivsel og læringsutbytte, vi arbeider mykje og målretta med skulemiljø, og vi har fokus på eit godt skule-heim samarbeid. Det er 1:1 iPad til alle elevar og tilsette. Framover vil "Oppvekstreform" og "Kompetanseløftet for spesialundervisning og inkluderande praksis" med "laget rundt barnet" vere førande for utviklinga. Vi søker lærarar som vil vere med og vidareutvikle Lomsskulen.

Vår visjon er: "Vi ynskjer ein skule med aktive elevar i ei vid tyding av omgrepet. Vi ynskjer ein skule som er ein trygg plass for elevane, der vi har tilfredse, aktive og engasjerte elevar gjennom variert undervisning og elevmedverknad. Vi er opptekne av å utvikle elevar som er aktive i si eiga læring, som lærer seg å vere kritiske og nysgjerrige i læringa si, som erfarer gjennom læringsprosessane, som stadig utviklar kompetanse om korleis dei lærer best, og som er i progresjon med tanke på å kunne ta eigne val basert på kunnskap om eiga læring. Det er viktig for oss at vi lettare skal kunne drive tilpassa opplæring gjennom å ha undervisningsopplegg som gjev elevane ulike valmoglegheiter ut frå ferdigheiter og kompetanse."

Vi søker deg som

  • er engasjert og omgjengeleg
  • er fagleg oppdatert
  • evnar å sjå enkelteleven
  • er kontaktskapande, trygg i klasseleiing og tydeleg i kommunikasjon
  • er oppteken av elevmedverknad i planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning
  • kan reflektere over og forbetre eiga undervisning
  • initiativrik, gode samarbeidsevner og kan jobbe sjølvstendig og strukturert
  • lagspelar som er engasjert og motivert
  • kreativ og nytenkjande

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og leie elevane si læring
  • Analysere og følgje opp elevane si læring
  • Sørgje for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane
  • Vere aktiv i profesjonsfellesskap på skulen og i samarbeid med andre

Kvalifikasjonar

  • Formell utdanning som kvalifiserar for tilsetting og undervisning i grunnskulen
  • God relasjonskompetanse og tydeleg klasseleiing
  • Samla må dei tilsette ved skulane kunne dekke flest moglege fag
  • Ein bør ha erfaring og kunnskap kring uteskule og læringssituasjonar i nærmiljøet og naturen, og ein må vere innstilt på at ein del skuletid skjer i fysisk aktive situasjonar ute
  • Musikk og spesialpedagogikk kan vere aktuelle fag ved Loar.
  • Norsk og spesialpedagogikk kan vere aktuelle fag ved ungdomsskulen.
  • Bør ha erfaring med, og god kunnskap om bruk av læringsbrett i undervisninga
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Søkjarar må legge fram dokumentasjon som syner spesifisert fagkompetanse og studiepoeng

Vi tilbyr

  • godt lærings- og arbeidsmiljø
  • vakre omgjevnader i ei fjellbygd med fantastiske moglegheiter for friluftsliv
  • løn etter utdanning og ansiennitet
  • obligatorisk tjenestepensjon

Om stillinga

  • Utlysinga gjeld stillingar som blir ledige fram mot haustferien, og tilsetjing vil skje fortløpande i denne perioden.
  • Søkjarane blir bedne om å gje opp kva fag dei har fordjuping i.
  • Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regelverk og avtaler.

Vi legg vekt på at du må vere personleg eigna.

Det er ønskjeleg at dei som søker oppgjev referanser i søknaden.

Søkjarliste vil bli offentleggjort. Søknad skal sendast på 

Det er krav om politiattest for stillingar i skulen.

Høyrest dette spennande ut for deg?

Da vil vi gjerne høyre frå deg! Send inn ein elektronisk søknad fram til haustferien.

 

Ved spørsmål, ta kontakt med:

Ingrid Valdvik, inspektør ved Loar skule

Telefon: 958 08 596

E-post: ingrid.valdvik@lom.kommune.no

Lisa Kronhaug, rektor ved Lom ungdomsskule

Telefon: 915 71 675

E-post: lisa.kronhaug@lom.kommune.no