Utgard søkjer etter marknadsførings- og arrangementsmedarbeidar

Utgard fleirbrukshus har ei ledig ei 40% stilling som marknadsførings- og arrangementsmedarbeidar i 6 månadar, med moglegheit for fast tilsetting. 

Vil du bli ein del av laget vårt og gje tilreisande og innbyggjarar i Lom gode opplevingar i Utgard?

Utgard fleirbrukshus er Lom kommune sin arena for idrett og kultur.
Utgard har idrettshall, svømmebasseng, styrke og spinningrom. Vi har kultursal, kafé, aula og kjøken som blir nytta til ulike aktivitetar. Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule avd. Lom har klasserom og kontor i bygget. Det er og tilhøyrande uteanlegg og grøntareal.

Som marknadsførings- og arrangementsmedarbeidar i Utgard vil arbeidsoppgåvene vere mellom anna:

  • koordinering av ulike aktivitetar i Utgard
  • billett- og kiosksal
  • programmering av billettar, treningsabonnement, heimeside
  • marknadsføring i sosial media
  • planlegging og gjennomføring av arrangement
  • AV-tekniske oppgåver

Det er ein fordel om du har kompetanse på lyd- og ljos-teknikk

Vi søkjer etter ein blid og positiv medarbeidar som:

  • er serviceinnstilt, løysingsorientert og har stor arbeidskapasitet
  • er sjølvstendig og strukturert
  • jobbar godt i lag med andre
  • har erfaring frå arbeid med arrangement og/eller marknadsføring

I periodar er det naudsynt å arbeide effektiv og raskt for å løyse ulike oppgåver på stutt tid. Vi arbeider digitalt og skal bli enda betre på det, difor er det viktig med god datateknisk kompetanse. Ein må og rekne med ein del fysisk arbeid.

Det kan i periodar bli behov for å utvide arbeidsprosenten utover 40%.

Vi set pris på at du kan starte i stillinga så raskt som mogleg.

Er dette noko for deg? 

Da vil vi gjerne høyre frå deg! Send inn ein elektronisk søknad innan 19. desember 2022.

Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg. 

Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt med dagleg leiar i Utgard, Monika Øyen, Telefon: 465 05 428
E-post: Monika.oyen@lom.kommune.no

 

Utgard søkjer og etter ein driftsoperatør. Les meir.


 

Utgard fleirbrukshus sett frå lufta - Klikk for stort bildeUtgard fleirbrukshus sett frå lufta Ola Ø Rossehaug