Vikariat som ergoterapeut 100% stilling

Det er ledig eit 100% vikariat som ergoterapeut ved Ergo- og fysioterapitenesta i Lom og Skjåk. Søknadsfrist: 20.10.2022.

Kunne du tenkje deg å vere ergoterapeut midt i Innlandet? 

Kunne du tenkje deg å bli ein del av eit kompetent fagmiljø, og del av ein luggum ergo- og fysioterapeutgjeng i kommunane Lom og Skjåk? 

Sidan vår dyktige ergoterapeut skal i permisjon, lyser vi ut eit vikariat i 100% stilling med oppstart snarast og fram til 31.07.23. Ergoterapeut disponerar kontor på Skjåkheimen da mesteparten av arbeidsoppgåvene ligg her, men du står fritt til å nytte anna kontorplass som tenesta disponerar ved høve. 

Arbeidsgjevar kan hjelpe til med å finne bustad. 

Lom er vertskommune for den  interkommunal ergo- og fysioterapitenesta som består av 1,6 årsverk ergoterapistilling, og 4,3 årsverk fysioterapistilling. I tillegg har vi 80% fysioterapeut med driftsavtale. Ergo- og fysioterapitenesta har ansvar for sine fagfelt og kommunalt hjelpemiddellager i begge kommunane. Tenesta har tett samarbeid med andre kommunale tenester innan helse, skular og barnehagar.  

Arbeidsoppgåver

  • Ergoterapifaglege oppgåver for å bidra til å styrke folkehelse, førebygging og re-/habilitering
  • Kartlegge/undersøkje fysisk- og kognitiv funksjon med fokus på ressursar og meistring som grunnlag
  • Oppfølging av pasientar på institusjon
  • Kvardagsrehabilitering
  • Samarbeid med demensteam
  • Delta i tverrfagleg samarbeid og vurderingsmøte
  • Kartlegging og tilrettelegging av bustad
  • Hjelpemiddelformidling og ansvar for lokalt hjelpemiddellager/ samarbeid med vaktmeister
  • Rettleiing til pasientar, pårørande og tilsette 

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent ergoterapeut
  • Godkjent politiattest
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du:

  • er strukturert og kan jobbe sjølvstendig
  • har evne til å samarbeide og vere fleksibel
  • er glad i faget ditt, glad i menneske og har godt humør

Personlege eigenskapar blir vektlagt. 

Er dette noko for deg? 

Send inn ein elektronisk søknad innan 20.oktober 2022!

  • Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.
  • Det er krav om godkjend politiattest

Nærare opplysningar om stillinga får du av leiar Ergo- og fysioterapitenesta Lom og Skjåk:

Velkomen til oss!

Kontakt

Sivert Jonassen
Avdelingsleiar Ergo- og Fysioterapitenesta Lom og Skjåk
Mobil 481 65 520