Kultur- og idrettsmidlar

Alle friviljuge lag og organisasjonar som driv aktivitet innan kultur og idrett kan søkje kommunen om driftstilskot

Tilskot til idrettsføremål vert fordelt av idrettsrådet. Tilskot til kulturføremål vert administrativt fordelt av kommunen.

Fristen for å søkje driftstilskot er 1. april

Du kan søkje elektronisk, eller ta kontakt med servicetorget.

Søknader om kommunal støtte til enkelttiltak og prosjekt innan kultur- og idrettsområdet vert behandla fortløpande heile året.

 

Lag og organisasjonar i Lom kommune kan registrere seg som brukar i Tilskuddsportalen og få tilgang på over 1500 søkbare tilskot

Her kan du enkelt finne fram til aktuelle tilskot som kan finansiere små og stor prosjekt.

Alle kontaktpersonar må registrere seg som brukarar, og det vert gjeve tilgang til inntil tre brukarar frå kvar foreining

 

Kontakt

Trond Byre-Haakensen
Rådgjevar kultur og idrett - leiar servicetorget
Mobil 934 29 318