LånereglarAlle kan låne bøker og andre medium som biblioteket stiller til disposisjon. Vi kan også bestille bøker, artiklar og andre medium frå andre bibliotek. Lånereglar Det er gratis å bruke biblioteketSom lånar blir du registrert og får lånekortEr du under 15 år, må du ha underskrift frå føresetteDet meste som finst i biblioteket kan lånast med heimLeksikon og andre oppslagsverk kan som regel ikkje lånast utYnskjer du å låne noko som er utlånt, kan vi setje deg opp på ventelisteBøker, artiklar m.m. som vi ikkje har i eiga samling, kan i dei fleste tilfelle lånast inn frå andre bibliotekNy og etterspurd pensumlitteratur der heile eller store delar av boka er pensum, må studentar rekne med å skaffe sjølveDu kan søke i samlinga Lånetid Bøker, lydbøker, musikk: 4 vekerTidsskrift: 1 vekeVideo: 1 vekeSpråkkurs: 8 vekerDu kan forlenge lånetida dersom det ikkje er venteliste. Ring, send e-post, kom innom biblioteket eller logg inn på heimesida på Meg & mitt. Gebyr Fyrste purring blir sendt ut 7 dagar etter forfall. Denne purringa er utan gebyr. Andre purring blir sendt ut 14 dagar etter forfall. Gebyr: kr. 50,- for lånarar over 15 år. Gebyret må betalast sjølv om materialet blir levert seinare. Gebyret kan betalast på vipps til 130010.Dersom materialet ikkje blir levert etter andre purring, blir det sendt erstatningskrav. Sjå erstatningskrav. Erstatningskrav Bøker vaksne: 500 kr per bokBøker barn: 400 kr per bokTidsskrift og småtrykk: 150 kr Sist endret 24.09.2024 08.40