Foto: Visti Jotunheimen
Kul tur med biblioteket er ei kulturhistoriske vandreløype med ti postar plasserte rundt om på Bergom. Løypa startar på biblioteket. Fyrst post finn de på veggen ved inngangsdøra. Løypa fortset mot utleggsbrua der du finn post nr to. Tredje og fjerde post er ved utleggsbrua, femte på veggen til Nordalsfjoset pub, femte på gjerdet mellom Nordal og Esso. Sjette post er ved Vassvaglen, sjuande og åttande på veg bort til Lesekiosken (den gamle telefonkiosken ved Best), niande post er i lesekiosken og tiande post er ved Bakeriet i Lom.
For å få opp innhaldet i postane, treng du ein telefon som kan lesa qr-koder. Kul tur med biblioteket passar for store og små, for fastbuande og tilreisande. Av innhaldet kan vi nemne historia om landets eldste friarbrev, om husmannsjenta Jørgine Boomer som vart vertinne på Waldorf Astoria i New York City, diktarane våre er med, Gjendine Slålien og Edvard Grieg, vatning i Lom og eit lynkurs i lomver med ungar frå bygda.
Prosjektet er i regi av Lom folkebibliotek, støtta av Nasjonalbiblioteket. Haus byrå i Skjåk står for den visuelle utforminga. Test ut Kul tur med biblioteket i sommar og frisk opp lokalkunnskapen din. Postane har også engelsk tekst. Kul tur!
Artikkel i Fjuken 21.06.2023