Begge barnehagane i Lom, Garmo barnehage og Loar barnehage, er kommunale. Barnehagen gjev eit pedagogisk tilbod for barn under opplæringspliktig alder.
"Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barnas behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling."
(Lov om barnehager § 1Formål)
Barnehagen er styrt av "Lov om barnehage" og "Rammeplan for barnehagen"
Høgdepunkt frå 2020
Barnehagen vart stengt ned 12. mars – 20. april. Under nedstenginga tok vi imot barn til foreldre med samfunnskritiske funksjonar og særlege sårbare barn. Smitteverntiltaka gjorde at vi måtte organisere barna i små grupper med faste tilsette. For å få til dette måtte vi mellom anna bruke lokale i Utgard og redusere opningstida.
Ved oppstart av nytt barnehageår hadde vi ein liten nedgang i talet på barn og alle fekk plass ved den barnehagen dei ynskte.
Fokusområde for barnehageåret 20/21: "Kropp og rørsle"
Dette var ei vidareføring av overordna satsning på psykisk helse og inkluderande barnehage- og skulemiljø. Deltakinga i kompetanseutviklinga "Inkluderande barnehage- og skulemiljø" i regi av Udir vart avslutta hausten 2020.
Publisert 04.06.2021 08.42