Lom ungdomskule

 Formålsparagrafen i Opplæringslova seier mellom anna at opplæringa i skule skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane historisk og kulturell innsikt og forankring. Elevane skal utvikle kunnskap, dugleik og haldningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet.

Enklare sagt arbeider Lom ungdomsskule for at alle elevane skal oppnå fagleg og sosial utvikling og vekst i eit skulemiljø der alle elevane opplever trivsel og tryggleik. Når dei avsluttar skulegangen hjå oss, skal dei vere klare for vidaregåande skule.

Høgdepunkt 2020

Ein må vel kalle det eit lågpunkt da skulen vart stengd 12.mars 2020. Elevane var overraskande lågmælte da dei gjekk heimover med tunge skulesekkar, i dobbel forstand, og ikkje visste når dei skulle attende. Både elevane og lærarane fekk gjennom to månader med heimeundervisning, meir eller mindre frivillig heva si digitale kompetanse, noko som kan kome godt med nå som vi skal inn i eit digitaliseringsprosjekt i Lomsskulane.

Måndag 11. mai opna skulen igjen etter to månader. Det beste er kanskje at sidan den maidagen har vi ikkje måtte stenge skulen ein einaste dag. Ingen klasser har vore i karantene, berre enkeltelevar som har testa seg på grunn av luftvegssymptom. Sjølv om skulen i periodar har vore på raudt nivå, har vi kunne drive tilnærma normal undervising etter sumarferien. Vi har ei mengd smitteverntiltak  som saman med at vi har små klasser og relativt stort areal på skulen gjer at vi kan halde ope. Avslutninga for 10. klasse vart gjennomført, men litt annleis enn andre år. 8. og 9. klasse hadde pølsefest før sumaren.

Overnattingsturar og leirskule har vorte utsett til 2021, og vi måtte avlyse juleballet. Vi har likevel klart å gjennomføre fleire av dei andre aktivitetane som vi har tradisjon for, slik som dagsturar, den store ryddedugnaden i Gudbrandsdalen, orientering i Kleppdalen, bandyturnering og juleverkstad.