Helse og velferd

Klikk for stort bilde 

Det er etablert følgjande tenester i Lom kommune for å ivareta helse og velferd etter Helse- og omsorgsloven og Folkehelseloven:

Legeteneste, legevakt (regional med base på NGLMS, Otta), helsestasjon både for barn og ungdom/skulehelseteneste i grunnskulen og vidaregåande skule, svangerskapsomsorg/ jordmor, jordmorvakt (regional med base på NGLMS, Otta), fysioterapi- og ergoterapitenester, psykisk helseteneste (felles med Skjåk) og interkommunal kommunepsykolog (felles med Skjåk og Vågå). Flyktningtenesta ligg også under helse- og velferd. Sel kommune er vertskommune for barnevern og Skjåk kommune for Nav, men budsjettmessig ligg desse tenestene under helse- og velferd.

 Helsestasjon- og skulehelsetenesta er ei gratis teneste til alle barn og unge 0-20 år. Helsestasjon for Ungdom er inkludert i tenesta. Tenesta er eit lågterskeltilbod og skal ta i vare det heilheitlege førebyggjande og helsefremmande arbeidet. Tenesta arbeider òg med miljøretta helsevern, smittevern og reisevaksinering. Tenesta skal gje informasjon og rettleiing til barn og unge, føresette, gravide, samt befolkninga i kommunen.

 Den viktigaste oppgåva til tenesta er å fylgje dei gravide gjennom svangerskapet. Målet er å ta vare på barnet i magen, diagnostisere avvik og gje dei ein start i livet utan skade eller sjukdom.

 Psykisk helseteneste i Lom og Skjåk er ei lågterskelteneste. Den er gratis og du kan sjølv ta kontakt eller få henvisning frå fastlege eller andre. Tenesta har tre tilsette i fulle stillingar.

 Lom legekontor har tre fastlegar, ein turnuslege og helsepersonell. Under Covid-19 pandemien utførar legekontoret testing og besvarar koronatelefonen i kommunen.

 Kommunepsykologen gjev vegleiing/fagstøtte til personal eller tenester i kommunen, lavterskel behandlings- og oppfølgingtilbud, helsefremmande og forebyggjande arbeid, system- og samfunnsretta arbeid.

I alt arbeidet vektlegg ein å utøve og utvikle tverrfagleg samhandling og styrke brukarmedverknad.

 Flyktningtenesta har ansvaret for oppfølging av dei som er busatt etter anmodning av Integrerings- og mangfoldsdirektoratet dei siste fem åra. Ansvaret for introduksjonsprogrammet ligg her. Tenesta sitt mål er å sørgje for at alle får den bistanden som krevst for god etablering i eit nytt land.

 Fysioterapeutane har kunnskap om kropp, bevegelse og funksjon, og førebyggjer og behandlar sjukdom og plåger i muskel- og skjelettsystemet. Ein ergoterapeut hjelp menneske til å fungere optimalt i kvardagen når dei har problem med sine daglege gjeremål på grunn av sjukdom, skade eller anna funksjonsnedsetting.

Kontakt

Synne Skogsrud
Kommunalsjef helse og omsorg
Mobil 996 29 016
Tonje Kristine Lien Barkenæs Eggen
Tenesteleiar helse og velferd
Telefon 916 86 342