Miljø, teknisk og næring

Klikk for stort bildeEin fortent gratulasjon til Nordal Maskin AS, som den einaste gasella i Lom i 2020. Høgdepunkt 2020 frå avdeling for miljø, teknisk og næring. 

Teknisk avdeling yter tenester til brukarane av bygga i Lom kommune. Her finn ein mellom anna reinhalds- og vaktmeistertenesta i kommunen.

I tillegg til dette, er det teknisk avdeling som forvaltar, driftar og vedlikeheld kommunen sine eigedomar og grøntanlegg. Investeringsprosjekt, brannvern og alarmar på kommunale bygg ligg og under denne tenesta. 

 Næringssjefen skal vere ein aktiv og positiv medspelar for innbyggjarar og eksisterande næringsliv i Lom. Samfunn- og næringsutvikling er eit breitt og samansett felt, men det overordna målet er å legge til rette for at Lom er ein næringsvennleg kommune der både folk og bedrifter trivast og vil bli verande.

Næringssjefen jobbar med å hjelpe næringslivet med det dei har behov for. Næringssjefen er også prosjektleiar for Lom nasjonalparklandsby og tilflyttingsansvarleg. Du kan stille spørsmål om m.a. ledige næringstomter og areal, ledige bustadar til sal og leige i Lom, breibandsutbygging, næringsfondet, stillingssleppet og mykje meir. Her skal det vere låg terskel for å ta kontakt!

 Felleskontor for plan, byggesak og miljø for Lom og Skjåk kommunar har til saman 5 tilsette. Under felleskontoret finn ein og felles beredskapskoordinator. 

Kontakt

Trond Byre-Haakensen
Kommunalsjef samfunnsutvikling og kultur
Mobil 934 29 318