Næring

Året vart avslutta med eit triveleg besøk og ein fortjent gratulasjon til Nordal Maskin AS, som den einaste gasella i Lom. Næringssjefen skal vere ein aktiv og positiv medspelar for innbyggjarar og eksisterande næringsliv i Lom. Samfunn- og næringsutvikling er eit breitt og samansett felt, men det overordna målet er å legge til rette for at Lom er ein næringsvennleg kommune der både folk og bedrifter trivast og vil bli verande.

Næringssjefen jobbar med å hjelpe næringslivet med det dei har behov for. Næringssjefen er også prosjektleiar for Lom nasjonalparklandsby og tilflyttingsansvarleg. Du kan stille spørsmål om m.a. ledige næringstomter og areal, ledige bustadar til sal og leige i Lom, breibandsutbygging, næringsfondet, stillingssleppet og mykje meir. Her skal det vere låg terskel for å ta kontakt!

Høgdepunkt 2020

Næringsarbeidet har vore sterkt prega av korona det siste året. For å vere i stand til å hjelpe næringslivet i ein vanskeleg situasjon har det vore viktig å sette seg inn i ulike ordningar, m.a. tilskot- og kompensasjonsordningar. Det har vore gjennomført ca. 20 "formelle" bedriftsbesøk, i tillegg til frukostmøte, næringspub og webinar og mykje uformell dialog. På vårparten vedtok kommunen ei eiga ordning for å stimulere til utviklingsarbeid under korona-pandemien, og ti bedrifter fekk tildelt tilskot frå næringsfondet (totalt kr. 330 000). På hausten fekk kommunen tildelt 1,7 millionar i ekstraordinært tilskot på grunn av korona, og rundt 20 bedrifter fekk tildelt midlar. Dette har resultert i mange spennande prosjekt som i stor grad vil bli gjennomført i løpet av 2021.

Det var rekordmange stillingar med i stillingssleppet i 2020, men lanseringstidspunktet 12. mars gjorde jo at resultatet vart så som så. I juni var det opning av nytt offentleg toalett og eit heilt nytt turistkontor i Lom, ein gledeleg dag for alle som har etterspurt toalett i årevis. Gjennom eit samarbeid med ein privat aktør har Lom no eit heilt nytt toalettanlegg midt i sentrum som er ope året rundt, 24-timer i døgnet. Samlokaliseringa med turistkontoret er sjølvsagt gledeleg.  Til tross for korona vart det elles ein svært travel sumar i Lom, med mykje trafikk.

På hausten vart det gjennomført ein studietur til Sogndal, der både administrasjon, politikarar, næringsliv og friviljug sektor deltok. Målet med turen var å bli betre kjent med kvarandre, bli inspirert av arbeidet som blir gjort i Sogn og lære meir om kva er viktig for å utvikle Lom og Nord-Gudbrandsdalen i riktig retning framover. Kommunen var også med på ein studietur til VRINN-miljøet på Hamar saman med næringslivet for å legge til rette for teknologibedrifter i Lom.

Det har vore relativt stor aktivitet gjennom Lom nasjonalparklandsby dette året, med særleg fokus på nytt eldhus i Presthaugen, "turisme for alle" og ikkje minst videoinnspeling. Les meir om dette her.
Videoen som vart spelt inn kan du sjå her. 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje