Plan, byggesak og miljø

Bilete teke i området ved Nåvårrsætrin ved Tesse i samband med synfaring av område som er spelt inn som byggeområde for hytter på dialogkonferanse om kommuneplanen i 2016. Sander i freda fangstgrav for elg. Øyvind Pedersen  Felleskontor for plan, byggesak og miljø for Lom og Skjåk kommunar har til saman 5 tilsette. Under felleskontoret finn ein og felles beredskapskoordinator. 

Høgdepunkt 2020 - plan

Felleskontoret for plan, byggesak og miljø for Lom og Skjåk har tre tilsette, om lag to stillingsheimlar, som jobbar på fagområdet plan: Sander Sælthun, Øyvind Pedersen og Anne Silje Berg. Felleskontoret har ansvaret for planarbeidet i båe kommunane, som kommuneplanar, reguleringsplanar, konsekvensutgreiingar og dispensasjonssøknadar. Oppgåver i Lom kommune har mellom anna omfatta dette i 2020:

  • Kommunal planstrategi vart vedteke i kommunestyret i november. Planstrategien gjer greie for viktige utviklingstrekk og utfordringar, og prioriterer kva for kommuneplanar som skal reviderast i innverande kommunestyreperiode.
  • Kommunedelplan for Fossbergom vart vedteke i kommunestyret i november etter ein tidkrevjande planprosess med tre offentleg ettersyn av planen.
  • Reguleringsplanar: Reguleringsendring for Ulstad vart godkjend i november. Felleskontoret tok imot to nye private forslag til reguleringsplanar i Lom til behandling i 2020. Av desse vart forslag til reguleringsendring for Galdhøpiggen klatrepark lagt ut til offentleg høyring og ettersyn i desember.
  • Dispensasjonssaker: Felleskontoret behandla tolv saker om dispensasjon frå arealplan i 2020.

Høgdepunkt 2020 - miljø 

Lom kommune har ei halv stilling innafor fagområdet miljø- og naturforvaltning. Stillinga er knytt til felleskontoret for plan, byggesak og miljø for Lom og Skjåk og det er Sander Sælthun som jobbar med dette fagfeltet. Sakene som kommunen har heilt eller delvis ansvar for er knytt til motorferdsel i utmark, rekreasjon og friluftsliv, kulturminne og kulturmiljø. Også vassdragsforvaltning, viltforvaltning og forureining er blant oppgåvene.

  • Det vart gjeve seks dispensasjonar til motorferdsel i utmark. Av desse var to av søknadane knytt til motorferdsel på snø, to på barmark og to landingsløyve med luftfartøy.
  • I juni vart det vedteke kommunal forskrift om open brenning og brenning av avfall.
  • Ordninga med leigekøyring omfatta i 2020 sju snøskuterar som var godkjende for leigekøyringsoppdrag.
  • Det vart gjennomført skadefellingsforsøk på jerv i Lom og Skjåk i juli/august, utan resultat.
  • Våren 2020 engasjerte kommunen konsulentfirmaet Norconsult for å gjennomføre flaumsonekartlegging for Bøvre gjennom sentrum. På grunnlag av denne rapporten er det sendt søknad til NVE om prosjektering og gjennomføring av flaumsikringstiltak.

Høgdepunkt 2020 - byggesak

Felleskontoret for plan, byggesak og miljø for Lom og Skjåk har to tilsette, om lag ein stillingsheimel som jobbar på fagområdet byggesak: Øystein Brandsar og Bjørn Bøye. Felleskontoret har ansvaret for byggesak i båe kommunane.

  • Det har vore handsama om lag 100 byggjesaker i Lom i 2020. Ein del av dette er ferdigattestar. Talet på saker er noko høgare enn i 2019.
  • Alle sakene er vorte handsama innanfor lovpålagde tidsfristar.
  • Det vart søkt om og gjeve løyve til oppføring av to bustadhus og ein firemannsbustad i 2020.
  • Det vart søkt om og gjeve løyve til to driftsbygningar i landbruket.

Høgdepunkt 2020 - beredskap

Felles beredskapskoordinator for Lom og Skjåk er lagt under felles kontor for plan, byggjesak og miljø. Fagområde beredskap har ein tilsett i 20% stilling: Bjørn Bøye. I tråd med føresegnene om kommunal beredskapsplikt skal kommunane integrere samfunnssikkerheit i dagleg verksemd og gje samfunnsikkerheitsoppgåvene eit heilskapleg perspektiv. Oppgåvene til beredskapskoordinator omfattar mellom anna:

  • Utarbeide og oppdatere overordna ROS analyser og beredskapsplanar.
  • Planlegging og utføring av beredskapsøvingar.
  • Halde kontakt med andre relevante aktørar innan beredskapsarbeid.
  • Generell tilrettelegging av kommuna sitt beredskapsarbeid.
  • I 2020 har mykje av beredskapsarbeidet vore knytt opp til handtering av koronapandemien.

Kontakt

Felleskontor Plan, byggesak og miljø Lom og Skjåk
Telefon 61 21 73 00
Anne Silje Berg
Tenesteleiar plan, byggesak og miljø
Telefon 905 83 658
Øyvind Pedersen
Planleggjar
Mobil 473 33 678
Sander Sælthun
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 474 63 218
Øystein Brandsar
Byggesakshandsamar
Mobil 900 15 146
  • Tilgjengeleg på telefon: Måndag, tysdag, torsdag og fredag.
  • Kontorstad:  Byggesaksbehandlarane Øystein Brandsar og Nils Henry Fosstuen har kontordag i Skjåk onsdagar. Dei kan treffast i andre etasje på kommunehuset. Resten av veka er dei å treffe på kommunehuset i Lom. Det kan vere lurt å gjere avtale med dei i forkant.