Teknisk

Teknisk avdeling yter tenester til brukarane av bygga i Lom kommune. Her finn ein mellom anna reinhalds- og vaktmeistertenesta i kommunen.

I tillegg til dette, er det teknisk avdeling som forvaltar, driftar og vedlikeheld kommunen sine eigedomar og grøntanlegg. Investeringsprosjekt, brannvern og alarmar på kommunale bygg ligg og under denne tenesta. 

Høgdepunkt 2020

Det har vore mykje fokus på koronasituasjonen i året som har gått, og reinhaldstenesta i kommunen har gjort ein kjempeinnsats!

Teknisk avdeling har og fått gjort ein del vedlikehaldsarbeid dette året og renovert fleire kommunale utleigebustadar. Vi har og har montert adgangskontroll på Loar skule og Lom ungdomsskule. Vi har og arbeidd med ENØK prosjekt på ulike bygg og køyrt ut og montert hjelpemidlar til heimebasert omsorg. 

Kontakt

Jan Runar Tangstad
Avdelingsingeniør
Mobil 979 89 359
Øyvind Mork
Leiande vaktmeister
Mobil 476 72 675
Vigdis Husom
Leiande reinhaldar
Mobil 990 85 697
Stig Roar Mandal
Ingeniør
Mobil 454 03 444

Kontor på Midtgard, Sognefjellsvegen 6.