Pleie og omsorg

Klikk for stort bildePleie- og omsorgstenesta sørgjer for stell, pass og tilsyn med sjuke eller funksjonshemma slik at dei kan få nødvendige og forsvarlege tenester, får utført daglege gjeremål og, om mogleg, også auka evnen til å ta vare på seg sjølv.

Pleie og omsorg i Lom består av tre tenesteområde;

  • miljøarbeidertenesta
  • heimesjukepleia
  • institusjon

Du finn høgdepunkt 2020 frå dei ulike avdelingane i artiklane under.

 Miljøarbeidartenesta held til i Røyskattlia og Krokamyrvegen. Tenesta bistår personar som pga sjukdom eller skade har behov for bistand i høve habilitering, meistring, utvikling, tryggleik og trivsel.
Pratisk bistand og opplæring, Brukarstyrt personleg assistanse, støttekontakt og avlasting er tenester som er knytt til Miljøarbeidartenesta. Lom arbeidssenter er og ein del av Miljørbeidartenesta. 

 Lom Helseheim har 33 heildøgnsplassar som er fordelt på 4 avdelingar.

Dei fire avdelingane er delt inn med 9 plassar på Fredly for demente, 7 rehabilitering/korttidsplassar og 17 langtidsplassar på sjukeavdeling. Lom Helseheim tilbyr høg fagleg kompetanse, aktivitet – og helsetilbod tilpassa den einskildes behov.

 Heimebasert omsorg består av dei tre avdelingane heimesjukepleie, praktisk bistand (heimehjelp) og dagsenter for heimebuande demente. Alle tre avdelingane er vedtakstenester, og blir gjeven i tråd med helse- og omsorgstenestelova, og gjeldande kvalitetsstandarar for Lom kommune. Tenestane skal sikre at brukarane skal ha høve til å bli buande heime så lengje det er fagleg forsvarleg.