Servicetorg, informasjon og kultur

Klikk for stort bildeKonsert med Odd Nordstoga. Dette tenesteområdet omfattar servicetorg, Lom folkebibliotek, Utgard fleirbrukshus, kulturforvaltning og informasjon.

Frå 2021 vart til orientering servicetorg og informasjon lagt under tenesteområde Fellestenester saman med økonomi. 

 På Lom folkebibliotek kan alle fritt låne bøker og andre medium som biblioteket stiller til disposisjon. Dei kan også bestille bøker, artiklar og andre medium frå andre bibliotek. 

 Informasjonskonsulenten har det operative ansvaret for informasjonsarbeidet i kommunen, og skal sørge for oppdatert, god og lett tilgjengeleg informasjon for deg som innbyggjar.

Informasjonskonsulenten samarbeider tett med kriseleiinga og dei ulike tenesteområda.  

Sender du ei melding via Facebook eller nettsida, så er det informasjonskonsulenten du møter i andre enden.

 Utgard fleirbrukshus skal vere ein viktig arena for kulturaktivitet. Vi skal ivareta eit rikt kultur- og idrettsmiljø for innbyggjarane i Lom Kommune og regionen vår. Både profesjonelle aktørar, kommunen, organisasjonar, næringsliv og private er inkludert i dette fellesskapet.

Utgard har 3 einingar der kultur, idrett og vidaregåande skule er under same tak.

Kontakt

Trond Byre-Haakensen
Kommunalsjef samfunnsutvikling og kultur
Mobil 934 29 318