Informasjon

 Informasjonskonsulenten har det operative ansvaret for informasjonsarbeidet i kommunen, og skal sørge for oppdatert, god og lett tilgjengeleg informasjon for deg som innbyggjar.

Informasjonskonsulenten samarbeider tett med kriseleiinga og dei ulike tenesteområda.  

Sender du ei melding via Facebook eller nettsida, så er det informasjonskonsulenten du møter i andre enden.

Høgdepunkt frå 2020

På informasjonssida har 2020 vore eit år med mykje fokus på korona og krisekommunikasjon. Det å vere tilgjengeleg til ei kvar tid for kriseleiinga og innbyggjarar vart satt høgt.

Kommunen har jobba mykje med korleis ein på best mogleg vis skal kunne nå ut med informasjon til innbyggjarar som sit i heilt ulike situasjonar og livsfaser, og som opplever kriser på heilt ulikt vis.

Dei fleste arrangement vart anten avlyste eller gjort digitale. Til dømes vart 17. mai eit digitalt arrangement på Facebook med direktesendingar, og førebudde filmar og bilete frå mellom anna barnehagane og barneskulen. Trass korona vart dette ein innhaldsrik dag - på dei digitale flatene. 

Kontakt

Rønnaug Nyrnes
Informasjonskonsulent
Mobil 482 59 772