Lom folkebibliotek

Da Hekneveven kom til gards. På Lom folkebibliotek kan alle fritt låne bøker og andre medium som biblioteket stiller til disposisjon. Dei kan også bestille bøker, artiklar og andre medium frå andre bibliotek. 

Høgdepunkt 2020

2020 vart eit år prega av koronapandemien. Biblioteket held stengt i ni veker frå 12. mars til 19. mai. Dette resulterte i lågare besøk- og utlånstal og færre arrangement enn i eit normalår. Vi reduserte også talet på klassebesøk frå skulane. Utlån av digitale bøker og lydbøker auka i denne perioden.

Mens vi held stengt, kjøpte vi stoff og fekk sydd nye gardiner til heile biblioteket.

Vi gjennomførte leselystaksjonane Sommarles for ungar og Vinterles for vaksne.

Om hausten hadde vi ein storstilt formidlingsaksjon for elevar i Lom og Skjåk. I samarbeid med dei tilsette på biblioteket i Skjåk, hadde vi 19 bokpresentasjonar i løpet av oktober og fyrste halvdel av november.

Trass korona og restriksjonar hadde vi desse arrangementa på biblioteket:

  • Januar: Litterær lunsj med Barbro Storlien, Barbro broderer
  • Februar:
    • Forfattarbesøk Magnhild Bruheim, 9. klasse
    • Litterær lunsj fastelavn
  • September:
    • Forfattarbesøk Rønnaug Kleiva Diktardagar
    • Barnehageteateret med Karius og Baktus
    • Avslutning Sommarles med Klovnen Knut (Utgard)
  • Oktober: N-Games med Blue Elite for skule-elevar
  • November: Forfattarbesøk Sigmund Løvåsen, Kjell Aukrust, en biografi
  • Desember: Årets bøker. Presentasjon for bibliotekarar i Innlandet ved Merete og Rita

Utlån på topp 2020