Utgard fleirbrukshus

Huldra Hildur Utgard fleirbrukshus skal vere ein viktig arena for kulturaktivitet. Vi skal ivareta eit rikt kultur- og idrettsmiljø for innbyggjarane i Lom Kommune og regionen vår. Både profesjonelle aktørar, kommunen, organisasjonar, næringsliv og private er inkludert i dette fellesskapet.

Utgard har 3 einingar der kultur, idrett og vidaregåande skule er under same tak.

Høgdepunkt 2020

Året 2020 starta godt for Utgard.

Det var planlagt mykje aktivitet heile året. Vi gjekk inn i 2020 med store forventningar om å kunne gjennomføre eit år betre enn noko anna tidlegare år. Billettsalet på arrangementa selde betre enn nokon gong. Kanskje hadde vi endeleg fått etablert Utgard som ein arena for kulturtilbodet i regionen vår.

Frå nyttår til 12.mars var det stor treningsaktivitet. Idrettslaget står for det meste av aktiviteten, i idrettshallen. Dei gjennomførte både organisert spinning, folkebading og basar. I tillegg hadde vi organisert gruppetrening i kultursalen, Zumba, Hallingdans, Herretrim og Innebandy. Styrke- og spinningtilbodet var sjølvsagt også ope for alle over 16 år. Det var også planlagt Seniordans frå mars, som ikkje vart gjennomført.

I samarbeid med Bygdekinoen er det kino kvar fredag, og besøkstala var fine fram til mars.

Aktivitetar som Digi-torg for eldre vart gjennomført, og det vart sett i gang Excel-kurs med fokus mot eldre. Desse aktivitetane var eit samarbeid med friviljugsentralen i Lom. Vi hadde besøk av Teater Innlandet med svært godt besøk på framsyninga "Utlendingen". Elles var det foredrag med Klaussen og  førestillinga "10-år med Erik & Kalle".

Fredag 12.mars-20: Ein heilt spesiell dag, dagen før Rotlauskonserten.

Monika: "Eg reiser til Lillehammer for å hente det siste utstyret til Rotlauskonserten 13.mars".

Monika reiser ned med varebil, det er mykje som skal vere med til Lom. Noko viste det seg at dei ikkje hadde nok av på Lillehammer og ho måtte raskt til Gjøvik. På tur heim frå Gjøvik kom fyrste telefonane frå foreldra i ei skuleklasse ved Otta VGS, dei var uttrykte bekymring for "corona". Det var nå påviste utbrot på Sel. Då eg kom så langt som til Lillehammer ringte Trond Byre-Haakensen, som var konstituert administrasjonssjef, og uttrykte også bekymring for om vi kunne gjennomføre arrangementet. Turen frå Lillehammer til Lom var frå ein telefon til ein ny. Journalistar ringte frå lokalavisene, dei som dreiv med rigg i Utgard ringte og hadde nok ikkje i tankane at det kunne bli avlyst, så ringte vaktselskapet og ulike folk som skal hjelpe til. Foreldre til ungdommar som har kjøpt billettar ringde og. Alle var bekymra. Monika må også ringe band og management for å orientere dei om status. Det kjem ny melding frå Trond Byre-Haakensen, det blir møte i kriseleiinga kl. 20:00. Monika rekk fort innom Utgard før møtet, der ho gjer eit forsøk på å forklare at dette arrangementet, slik ho ser det heng i ein tynn tråd. Ho kjenner enda på den kjensla av at det trudde dei ikkje noko på. Alt var klart til fest i Utgard, dei siste justeringane på ølkranene var gjort.

Det var ei rar kjensle å gå inn til møtet med kriseleiinga. Rotlaus vart avlyst! I lokalavisa til nabokommunane vart det publisert ein artikkel der meldinga om at Rotlaus var avlyst var hovudbodskapen. Den artikkelen har ein spesiell statistikk der antall klikk vart heilt enorm på svært stutt tid. Laurdag 13.mars brukte vi til å rigge ned til tom hall. Etter dette vart Utgard, inkludert hallen, tom i lang tid.         

Tida etter 12. mars

Tida etter 12.mars vart raskt endra til heimekontor. Driftspersonalet starta med nedvask. Avdelinga for vidaregåande skule vart tom, alle skulle ha heimeskule. Russerevyen vart avlyst. Alle andre arrangement vart avlyst, og arbeidet med refundering av billettar eller utsetting av arrangement har gått kontinuerleg sidan. Vi gjennomførte Drive-In Kino, men det var lite besøk.

I tida med nedstenging gjekk vi over til nytt system for trening på styrke- og spinningrommet. Vi la gode planar for kvardagen når den tid kom. Men i mellomtida skjer mykje, og vi må bistå og legge til rette for at Lom Kommune kan kome i gang med gjenopning.  Barnehagen var dei som fyrst skulle i gang, og Utgard vart brukt som lokale til fleire grupper. Vi tenkte også at vi hadde rom til å dele på våre ressursar, og gjorde omdisponering av personalet slik at barnehagen fekk ein personalressurs frå reinhald. Dette viste seg å bli utfordrande, fordi VGS også skulle i gang at om stutt tid. Behovet for både areal og ressursar endra seg raskt. På same tid skulle tilbodet frå kulturskulen i gang, og dei trongde areal, der smittevernreglane kunne haldast. Dette klarte vi å tilpasse, og ikkje noko rom har betre akustikk enn spinningrommet. Det kan pianolæraren fastslå.

Vi har lagt puslespell med smittevernreglar i heile bygget. Brukt naudutgangar for å unngå at folk kjem inn på område dei ikkje skal, eller for å kome seg trygt til sin aktivitet. Vi har brukt ulike rom til heilt andre aktivitetar enn tenkt. Smittevern har vore hovedfokuset heile vegen. Driftspersonalet har gjort ein heilt fantastisk jobb, og har stått på i ei krevjande og utforutsett tid. Som leiar er eg svært imponert over kor positive personalet var i denne tida!

Seint på våren hadde vi ein konsert, for å skape litt liv, og for at innbyggjarane skulle kunne kjenne på kulturlivet att. Det var ikkje mange besøkande, men det var godt å sjå at nokon kom og fekk gleda over å vere publikum att. Vi hadde også sommarkonsert og vi fekk gjennomført konserten med Odd Nordstoga i august. Nordstoga-konserten var gjennomført på det viset at artisten gjorde dobbel konsert, og vi delte publikum i to kohortar for å halde oss innanfor smittevernreglane. 

Vidare vart Diktardagar 2020 gjennomført siste helga i august. Eit godt arrangement med svært gode besøkstal. Dette var gjennomført i hallen og det gjekk veldig fint.

Vi kan også stadfeste at våre gjestar i Utgard er unike digitalt, alle kjøper sine billettar på web. Vi har tidlegare seld over 90% av billettane på web, men nå er det 100%. Og det er nesten ikkje ein telefon å få om at det er utfordrande. Det har gjort arbeidet med å avlyst/refundert billettar mykje enklare.

Frå juni har det vore ulike møter og arrangement med eksterne arrangører.

Frå hausten starta vi opp med kino, med varierande besøk.

Haustferien vart brukt til plateinnspeling.

Mot slutten av året gjekk vi mot ei ny periode med nedstenging for arrangement. Vi måtte da planlegge nytt år med den vidaregåande skulen på raudtnivå.

Driftskostnadene har vore utfordrande. Svømmebassenget krev meir enn budsjettert. Det er meir og større vedlikehaldsutfordringar framover, etter som tida går.

Utfordringa framover er å få på plass nytt ljos i heile bygget som er led-basert. Det gjeld både grunnbelysing og alt sceneljos. Uteljoset på parkeringsplassen har vore sviktande, men grunna stor kostnad har vi ikkje gjort noko med det enda.

Vi har rapporter gjennom året inntekstap og meirkostander som fylgje av Covid-19 på over 1 mill for drifta i Utgard.