Intern utlysing i Lom og Skjåk kommune

LEIARSTILLING INNAN BRANNVESENET

Lom og Skjåk brannvesen er eit interkommunalt samarbeidsselskap eigd av kommunane Lom og Skjåk. Brannvesenet er organisert med førebyggande og beredskapsavdeling.

I Lom og Skjåk brannvesen er det ledig deltidsstilling i 25 % leiar beredskap/ varabrannsjef. 

Stillinga er utlyst som leiar beredskap. Det kan vere aktuelt at stillinga kan omgjerast til leiar førebyggande dersom det er søkjar som tilfredstillar krav der i staden for beredskap. Arbeidstid vil bli etter avtale med søkjar som evt. får tilbod om stillinga.

Brannvesenet ynskjer å tilsette ein engasjert leiar for beredskap. LSB har to brannstasjonar.

Arbeidsoppgåver

  • Ivareta avdelinga sin HMS ved å vedlikehalde og utvikle planverk, samt tryggleik og prosedyrar
  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar i beredskapsavdelinga
  • Delta ved utrykking av hendingar
  • Administrative oppgåver
  • Brannførebyggande oppgåver
  • Delta i informasjonsarbeid/ opplæring
  • Stedfortredar for brannsjef

 

Den som vert tilsett må etter opplæring pårekne å delta i vaktordning.

Kvalifikasjonar

  • Høgskuleutdanning eller særskilt brannteknisk utdanning, § 7 – 11. Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen. Kvalifikasjonar blir vurdert opp i mot ny forskrift om dimensjonering av brannvesen. 
  • Førarkort minimum kl. B, (ynskjeleg med klasse C)
  • Søkjarar må bu og ha dagleg arbeid i Lom/Skjåk
  • Frammøte på brannstasjon innan 5 minutt 
  • Må tilfredstille krav til helseattest og fysisk krav som røykdykkar 
  • Må vere villig til å ta opplæring som blir kravd for stillinga
  • Krav om framlegging av politiattest (brann- og eksplosjonvernloven § 18)

 

Dersom ingen av søkjarane fullt ut fyller kvalifikasjonane kan arbeidsoppgåvene fordelast på fleire personar dersom arbeidsgjevar ser dette som ei hensiktsmessig løysing.

Vi vektlegg 

  • Erfaring frå administrasjon og leiing
  • God datakunnskap 
  • Kunnskap om Internkontroll HMS
  • Interesse for å delta i teneste innan brann og redningsarbeid, og gjerne med bakgrunn og erfaring innan slik teneste
  • Fleksibilitet i høve til omstillingar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • God norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk

 

Kvinner blir oppmoda til å søkje. 

Løn etter gjeldande avtale.

Nærmare opplysningar v/Atle Festervoll, tlf. 95989941.

Søknadsfrist 27.1.2019

Kontakt

Atle Festervoll
Brannsjef
Telefon 61 21 70 00
Mobil 959 89 941