Koronaviruset - informasjon til alle tilsette i Lom kommune

Informasjon til alle tilsette i Lom kommune i høve utbrotet av koronavirus.

Råd om åtferd

Vi oppmodar alle tilsette i Lom kommune å fylgje dei råda som kjem frå sentrale helsestyresmakter om korleis ein hindrar spreiing av smitte. På kommuna si heimeside er det laga eit eige menypunkt som samlar viktig informasjon. Denne informasjonen blir jamleg oppdatert. I tillegg vil vi leggje informasjon ut på intranett som gjeld dei tilsette spesielt.

https://www.lom.kommune.no/koronaviruset/

 

Reiseråd

Alle som jobbar i Lom kommune ivaretek sentrale samfunnsfunksjonar. Med bakgrunn i reiseråd frå sentrale helsestyresmakter ber vi alle tilsette i kommunen å vurdere reiseplaner med tanke på ikkje å utsette seg for smittefare. Folkehelseinstituttet oppdaterer jamleg informasjon om områder med vedvarande spreiing av koronaviruset.

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/omrader-med-vedvarende-spredning-av-koronaviruset-coronaviruset/

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/reiserad-knyttet-til-nytt-koronavirus-coronavirus/

 

Karantene/sjukemelding

Heimekarantene er eit verkemiddel for å avgrense spreiing av smitte. Pålegg om heimekarantene takast av lege og gjev rette til sjukemelding og sjukepengar. Det vil seie at ingen blir trekt i lønn om dei blir sett i heimekarantene.

 

Arbeidsgjevar sine utvida fullmakter i ein krisesituasjon

I ein krisesituasjon har administrasjonssjefen utvida fullmakter når det gjeld beordring av personell, delegering av oppgåver og stenging av tenester og avdelinger. Vi er ikkje i ein slik situasjon i dag men følger utviklinga i smittesituasjonen og pålegg frå sentrale helsestyresmakter fortløpande. I ein krisesituasjon kan mellom anna fylgjande tiltak vere aktuelle for å oppretthalde kritiske samfunnsfunksjonar:

  • Pålegge overtids- og ekstraarbeid utover arbeidsmiljølovens føresegner
  • Pålegge andre arbeidsoppgåver enn dei ein til dagleg har. Dette kan også innebere å jobbe i andre sektorar i kommunen
  • Stenge ned delar av kommunens verksemd
  • Yte tenester overfor innbyggjarar i nabokommunane