Nye leiarar

Det er gjort endringar i leiarstrukturen i Lom kommune:

Klikk for stort bilde Synne Skogsrud Bjørgen har frå nyttår teke over som tenesteleiar for Helse og Velferd etter Bjørn Bakke som går av med pensjon. Ho fortset samstundes som leiande fysioterapeut. Det er tenkt at ho skal fungere 60% som tenesteleiar og 40% som leiande fysioterapeut. Synne vil ha kontor på Helsesenteret i Lom. Ho er audmjuk for at ho har mykje å lære, men gler seg på nye utfordringar og håpar at ho med tida kjem til å mestre den nye rolla si i Lom kommune.

Klikk for stort bilde Trond Byre-Haakensen har frå nyttår fått eit utvida leiaransvar i Lom kommune. Frå før har han hatt ansvar for servicetorget og vore koordinator for digitalisering. Nå har han også fått det overordna ansvaret for Utgard, biblioteket og ungdomsklubben. I stillinga si vil han også ha ansvar for å koordinere kommuna sitt samarbeid med friviljuge lag og organisasjoner. Trond gler seg til å ta fatt på nye oppgåver.