Opning av Midtgard måndag 25. mai

Vidare følgjer nokre oppmodingar og informasjon til alle tilsette i samband med reopninga. 

Generelt
Naudsynte smitteverntiltak skal iverksettast med mellom anna spritdispensarar ved inngangar og i møterom. I tillegg oppmodar vi alle til å halde avstand til kvarandre. 

Dersom du til dømes skal kopiere noko, så sprit deg før og etter du tek i kopimaskina. Dette gjeld og andre flater som mange ofte er i kontakt med i løpet av dagen. 

Har du symptom skal du IKKJE kome på arbeid, du skal ha låg terskel for å halde deg heime. 

Er du i risikogruppa har du krav på å få ha heimekontor. Dette avklarar du med leiaren din. 

Møter/besøk på Midtgard
Det er ynskjeleg at alle som skal besøke nokon på Midtgard gjer ei avtale fyrst, slik at vi slepp unødvendig trafikk på kommunehuset.

For å gjere eventuell smittesporing enklare, så må alle som besøker Midtgard registrere seg – dette gjeld både eksterne og tilsette som ikkje har fast kontorplass på Midtgard.

Når besøkande kjem inn står det eit bord (mellom heisen og trappa i 1. etasje) der besøkande må notere følgande:

  • Namn
  • Dato
  • Klokkeslett når dei kjem
  • Klokkeslett når dei går att.

Alle tilsette er oppmoda til å informere om dette når dei gjer ei avtale om å møtast på Midtgard. I tillegg skal det informerast om at dersom ein har symptom skal ein IKKJE kome. 

Før og etter møter skal bord, dørhandtak og armlenar på stolar som nyttast spritast. 

Hald kalenderen din oppdatert
Alle interne må hugse å oppdatere kalendrane sine – både når du er oppteken i møter og når du har heimekontor. Dette gjer jobben til servicetorget mykje enklare og vi kan unngå unødvendige besøk på huset. 

Vi ser fram til å opne att og håpar alle tek omsyn til retningslinjene på Midtgard. 

Les og Samfunnet opnar opp att - ei påminning til alle tilsette.