Orientering om mellombels administrativ organisering

På bakgrunn av krisesituasjonen rundt koronavirus, har administrasjonssjefen sett seg nødt til å bemanne opp overordna leiing i Lom kommune. Tiltaket er gjort for å sikre kontinuiteten i kriseleiinga, og for å sikre dagleg drift til beste for innbyggjarane i Lom.

Det har gjennom heile 2019 vore arbeidd med administrativ organisering i kommunen. Dette vart forankra gjennom vedtak i administrasjonsutvalet 29.01.2019. Rapporten som er framlagt viser at det er eit klart behov for å etablere ei overordna leiargruppe med nødvendig myndigheit. Gjennom dei to siste vekene har dette kome tydeleg til syne.

I tillegg til at det oppstår nye situasjonar lokalt kvar dag, og nesten frå time til time, skal kommunen samhandle på eit overordna nivå med fleire instansar. Evalueringa så langt viser at dette har vore svært krevjande i roller som også skal ivareta driftssituasjonen.

Den daglege drifta skal ivaretakast for alle tilsette, som dagleg gjer ein solid innsats for innbyggjarane i Lom kommune. Alle treng stedeleg leiing, som bidreg til at tilsette og innbyggjarar blir ivareteke.

Korleis denne situasjonen utviklar seg er uvisst, og tidsperspektivet er eit vesentleg element.  Kommunen må førebu seg på at situasjonen blir krevjande, også framover. Det er avgjerande å planlegge for dette, og kunne handle raskt. På bakgrunn av dette, vil det frå dags dato bli konstituert tre personar i overordna leiing saman med administrasjonssjefen. Følgjande blir konstituert i roller som kommunalsjefar:

Synne Skogsrud, Herdis Kvamme Repp og Trond Byre-Haakensen. Dette er tilsette som allereie utøver oppgåver på eit overordna nivå. Dei kjenner organisasjonen og kommunen godt, og kan utan særskilt opplæring utøve rollane gjennom krisesituasjonen. Løysinga blir mellombels til og med august 2020.  

Endringa er gjort kjent for leiargruppa og drøfta med dei tillitsvalde med full tilslutning.
 

Lom, 18.03.2020
Elin Fjeldberg
administrasjonssjef