Parkering i sommartrafikken

På initiativ frå Coop Ottadalen, Lom kommune, Fossberg og Murgarden så oppmodar eg alle tilsette i sentrumsnære bedrifter i Lom til å parkere utanfor sentrumskjerna i sommar. La oss alle saman bidra til at gjestane våre kan få ei enda betre oppleving og at næringslivet vårt får auka omsetting.
Nå som skulen er stengt kan alle vi som er tilsette i bedrifter i Lom sentrum parkere på Loar eller ved Utgard.    Mange er flinke på dette, medan andre kan bli betre.

Fint om du vidareformidlar til dine kollegaer/tilsette.

Helsing frå vikarierande næringssjef Rønnaug Nyrnes