Samfunnet opnar opp att - ei påminning til alle tilsette

Nå som samfunnet gradvis opnast opp att, er det viktig at vi alle hugsar på dei råda vi har fått. Merk spesielt siste punkt under. 

Råd og tiltak som gjeld for alle (FHI):

  • God hand- og hostehygiene, prøv å unngå å ta deg i ansiktet.
  • Personar som bur saman, og faste partnarar kan omgås normalt.
  • Unngå handhelsing, samt kyssing og klemming, med personar som ikkje tilhøyrer eigen husstand eller er fast partner.
  • Hald avstand til andre, både på jobb, ute og andre stedar du oppheld deg.
  • Begrens antall personar du har nær kontakt med og får besøk av, til nokre få i gongen.
  • Friske barn kan vere saman både ute og inne, men i små grupper.
  • Utsett større samankomstar som ikkje er nødvendige.
  • Unngå stigmatisering og utestengning. 
  • Om du får akutt luftvegsinfeksjon skal du halde deg heime til eitt døgn etter at du er frisk. Kontakt legekontoret for muleg testing ved symptom på akutt luftvegsinfeksjon. Covid-19 kan gje mild luftvegsinfeksjon som kan vere vanskeleg å skilje frå andre infeksjonar, til dømes forkjøling eller vondt i halsen. Det betyr at ein ikkje skal møte på jobb dersom ein har luftvegssymptom, terskelen for å halde seg heime skal vere mykje lågare ved slike symptom enn elles. Det bør tilretteleggast slik at arbeidstakar kan utføre arbeidsoppgåver heimefrå om muleg, dersom symptoma tillet det.