Svindelforsøk


Ferietid er høgtid for svindlarar og søppelpostEksempel på svindelforsøk - Klikk for stort bilde

Sommartid er tid for vikarar og handsaming av oppgåver ein ikkje er så godt kjent med. Det betyr óg at vi blir meir sårbare for forsøk på svindel. Særs vanleg er svindelforsøk via e-post, som til dømes utgjer seg for å vere frå IT-avdelinga. (Sjå bildet ovanfor.)

Felles for dei fleste slike e-postar, er at dei freister å få ut informasjon frå mottakar. Gjerne ved å be om raskt svar på e-posten, eller ved å legge ved ei lenke til ei påloggingsside.

Verktøy for automatisk omsetting (t.d. Google translate) blir stadig betre, men hittil er det oftast lett å sjå, ut ifrå språklege feil og underlege formuleringer, at sendar ikkje høyrer til i organisasjonen. Eit anna tekn på at det er ugler i mosen, er om sendar si e-postadresse, er knytt til eit ukjent domene (teksten etter '@' i adressa.)

 

Om du får e-post, som du trur kan vere svindelforsøk, gjer vel og vidaresend dei til support@lom.kommune.no, slik at vi kan undersøke dei og eventuelt legge dei inn i søppelfilteret vårt.

Kontakt

IT-support Regiondata
Telefon 80 03 32 10

Telefontid: 08:00 - 15:30 kvardagar