TEKNISK VAKT - UTLYSING

Frå 1. juli 2020 er det ledig stillingsdel (som del av hovudstilling) for deltaking i vaktordning teknisk vakt. Teknisk vakt skal som hovudregel vere 5-delt vaktordning.

Ansvar og arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av arbeidsområde som er vist i instruks for teknisk vakt med beredskapsplaner, generell beredskap, kommunalteknikk og kommunale bygg og kyrkjer.

Ved vurdering av søkjarer blir det lagt vekt på:

  • Utdanning tekniske fag. Fagbrev, teknisk fagskule eller ingeniørhøgskule.
  • Praksis og erfaring.
  • Samarbeidsevne og sjølvstendig oppgåveløysing.

For deltaking i vaktordning vil det bli gjeve opplæring.

Vilkår går fram av avtale om teknisk vakt i Lom kommune 01.01.2019 mellom Lom kommune og organisasjonane.  

Nærare opplysningar får du hjå Terje Hoel.

Skriftleg søknad sendast til Terje Hoel.

Søknadsfrist 11. mai 2020

Kontakt

Terje Hoel
Teknisk sjef
Mobil 993 96 529