Ved sjukemelding vil løn bli stoppa

Ved sjukemelding vil løn bli stoppa om sjukemelding, del D (søknad om sjukepengar) ikkje er sendt inn til NAV

I det siste har vi fått fleire brev frå NAV, der refusjon av sjukepengar er stoppa på grunn av manglande innsendt del D, av sjukemeldinga frå den tilsette.

Vi må be alle tilsette som blir sjukemeldt, om at del D (søknad om sjukepengar) av sjukemeldinga blir sendt NAV gjennom Altinn. Dette må gjerast straks.

Blir dette ikkje gjort, ser vi det som naudsynt til å stoppe lønsutbetaling, samt vurdere attendebetaling av motteken løn.

Lom, den 01.06.2018

Støttefunksjonen

Kontakt

Egil Haug
Leiar støttefunksjonen
Mobil 489 90 700