Ungdomskveld

Ungdomskveld i Utgard kvar onsdag klokka 19:00-21:00 - hugs at du må melde deg på via Facebook-gruppa For ungdom i Lom.
 

Ungdomskveldane er for deg som går i 8., 9. eller 10. klasse. 

Har du innspel til aktivitetar eller andre ting i samband med ungdomskveld? 
Da vil vi gjerne høyre frå deg! Du kan anten ta kontakt med nokon som sit i ungdomsrådet, skrive det opp på ei liste i Utgard eller skrive det i Facebook-gruppa For ungdom i Lom.

 

Informasjon til elevar og foreldre

Tidspunkt

Det er planlagt ein ungdomskveld i veka med oppstart onsdag 10.mars, kl 1900 til kl. 2100. (Det kan bli endring av vekedag og klokkeslett, alt ettersom kva erfaringane viser.)

Målgruppe

8., 9. og 10.kl.

Innhald

Tilbodet har blitt til i dialog med ungdomsrådet. Dei har uttrykt behov for ein plass å møtast, høyre på musikk, ha nettilgang, samt moglegheit for å kjøpe litt mat og drikke. Vidare planlegging av aktivitet skjer i samarbeid med målgruppa. Utstyr blir kjøpt inn etter kvart som dei unge finn ut kva dei har behov for.

Tilbodet er gratis, med unntak av kiosk-/kafesal, der det er betaling.

Ansvar og roller

Monika Øyen har ansvar for den praktiske gjennomføringa og er den som skal leie ungdomsklubben.

I tillegg blir det sett opp to foreldrevakter kvar kveld. Det er utarbeidd retningsliner for vaktene.

Trond Volden har ansvar for påmelding og vaktlister.

Reglar

Det er utarbeidd ordensreglement. Desse er drøfta med FAU, politikontakt og ungdomsråd.
Det er også utarbeidd smittevernreglar som er godkjente av smittevernlege.
Reglementa blir sendt ut til alle foreldre og elevar. Det vil også vere oppslag i Utgard.

 

VELKOMNE TIL UNGDOMSKVELD I UTGARD!