Ny i Lom?Å flytte til ein ny stad er alltid litt spennande - uansett om du er kjent på plassen frå før eller ikkje. For å hjelpe deg litt på veg som «ny lomver» stiller vi gjerne opp som Lomsvertar. Kontakt oss gjerne, så kan vi ta ein kaffikopp, eta ein god bolle på t.d. Bakeriet i Lom og ta ei omvising i sentrum dersom du skulle ynskje det. Kontaktinformasjon finn du på høgre sida. Oss kan du spørje om alt du skulle ha på hjartet, vi skal hjelpa deg så godt vi kan med å finne deg til rette i Lomsbygda. "At your service", som det vert sagt! Eit lite sommarglimt frå Lom: Publisert avOla Ø Rossehaug Sist endret01.03.2021 13.26