Fellestenester - økonomi, personal, servicetorg og informasjon

Fellestenester er "navet" i Lom kommune. Dette området yter tenester til dei andre områda i kommunen, så vel som tenester til innbyggjarar. 

Økonomi

  • Strategiarbeid og utarbeiding av planar og reglement
  • Koordinering av budsjettarbeidet for Lom kommune
  • Rekneskapsrapportering, inkl. rapportering til KOSTRA, Skatteetaten og andre offentlige organ.
  • Rekneskap for Lom kommune, Lom kyrkjeleg råd, Lom friviljugsentral, Foreningen for nasjonalparkkommunar og nasjonalparklandsbyar og 8 legat/stiftingar.
  • Fakturering av krav frå Lom kommune, Lom kyrkjeleg råd og Foreningen for nasjonalparkkommunar og nasjonalparklandsbyar.
  • Scanning, registrering og fordeling av inngåande fakturaer
  • Kredittarbeid - innfordring av krav frå kommunen.
  • Lønsarbeid for Lom kommune, Lom kyrkjeleg råd, Lom friviljugsentral og Foreningen for nasjonalparkkommunar og nasjonalparklandsbyar.
  • Rapportering av løn til Skatteetaten, NAV og forsikringsselskap.
  • eHandel og regionale innkjøp.

Personal

  • Strategiarbeid og utarbeiding av planar og reglement
  • Personalarbeid inkl. overordna HMS, kvalitetsstyring og prosjektarbeid

Servicetorg og informasjon 

  • Informasjonskonsulenten har det operative ansvaret for informasjonsarbeidet i kommunen, og skal sørge for oppdatert, god og lett tilgjengeleg informasjon for deg som innbyggjar.

  • Servicetorget har mellom anna ansvar for publikumskontakt over skranke, sentralbord, politisk sekretariat, post og arkiv og løyve til sal og skjenking av alkohol. 

Kontakt

Åste Einbu Gudbrandsen
Rådgjevar personal og avd.leiar servicetorg og informasjon
Mobil 481 65 537
Ingunn Hanne Eide
Fagleiar økonomi
Telefon 481 65 539

Opningstider

Lom kommune

Sognefjellsvegen 6

2686 LOM

61 21 73 00

post@lom.kommune.no

Orgnr.: 959377677

Opningstid Servicetorget

kvardagar: 10.00 - 14.00