Miljø, teknisk, næring

MTN (Miljø, teknisk, næring) har ansvar for:

  • planarbeid
  • miljø- og naturforvaltning
  • næringsutvikling
  • landbruksforvaltning
  • tekniske tenester innan veg, vatn, avlaup og renovasjon
  • vaktmeisterteneste
  • reinhald
  • byggesakshandsaming
  • kart- og geodataforvaltning
  • generell beredskap og førebygging mot naturskade og ulykker.

Tenesteområdet MTN er prega av eit godt tverrfagleg samarbeid. Dei ulike fagområda har til saman ei fagleg breidde som gjer det mogleg å oppfylle målsettingane om eit godt tenestetilbod knytt til ressursforvaltning i ein liten kommune.