Påmelding buss og attendemelding køyreplan

Torsdag 5. mai har vi planlagt eit nytt møte i styringsgruppa med følgande agenda:  

  • Gjennomgang av køyreplan  
  • Buss og enkel servering 

I samband med møtet kunne vi tenkje oss å få ein peikepinn på kor mange som ynskjer plass på buss, om lag kor mange deltakarar vi blir totalt sett, samt innspel på køyreplanen.   

Vi veit de fekk stutt frist nå, men det er rom for å kome med innspel og endringar seinare og. Vi set berre pris på å få ein viss peikepinn. 

Buss 

Vi vurderer ein/to bussar med avreise frå Lom kl. 13:30, slik at vi er framme ca 16:00.  
Heim att vurderer vi ein tidlegbuss som går rett etter båltenninga, og ein som går etter dansen:  

Buss 1: kl. 21:15 - etter båltenninga  
Buss 2: kl. 23:15 - etter dansen   

Vidare planlegging 

For å kome eit steg lenger med planlegginga, så kunne vi gjerne tenkt oss attendemelding på følgande, innan 5. mai:

  • Om lag kor mange blir dykk?  
  • Om lag kor mange ynskjer å ta buss?  
  • Kva tenkjer dykk om tidspunkt for heimreise?  

Til dykk som skal ha innslag på scena:  
Kom med innspel på køyreplanen på utescena, tekniske behov m.m. (kva ordnar de sjølve - og kva treng de av oss?) 

Til dykk som skal ha andre aktivitetar:  
Meld gjerne frå om kva for behov dykk har. Til dømes kva for utstyr de treng, og attendemelding på kva de ordnar sjølve - og kva de treng av oss.  

Nytt skjema under for å svare på spørsmåla. Vi presiserer at dette berre er førebels, og at det er rom for endringar. 

Ikkje nøl med å ta kontakt om det er noko de lurar på eller har andre kommentarar til det vi så langt har planlagt. I fyrste omgang ynskjer vi å få eit oversyn, så kjem vi nærare attende til detaljar og påmelding seinare.   

 

Beste helsing styringsgruppa

 

Svarskjema