FlyktningtenestaFlyktningtenesta har ansvaret for oppfølging av dei som er busatt etter anmodning av Integrerings- og mangfoldsdirektoratet dei siste fem åra. Kva gjer flyktningtenesta Flyktningetenesta har ansvaret for introduksjonsprogrammet, og tenesta sitt mål er å sørgje for at alle får den bistanden som krevst for god etablering i eit nytt land. Tenesta gjev praktisk burettleiing og er ein viktig kontaktperson for flyktningane. Tenesta yter rettleing og integreringsarbeid generelt i lokalsamfunnet. Elles er arbeidsoppgåvene mange og varierte, og ein arbeider tverrfagleg som eit kontaktledd mellom flyktningane og andre samarbeidspartar. Målet er å følgje opp kvar einskild flyktning på best mogleg måte. Publisert 07.12.2022 10.14 Sist endret 19.12.2022 13.04