FysioterapiFysioterapi består av helsefremjande og førebyggjande arbeid. Målet er gjennom tilrettelegging, trening og behandling å oppnå best mogleg funksjon i forhold til skade eller funksjonssvikt. "Hensikta med fysioterapi er å optimalisera livskvalitet og bevegelsespotensial innanfor helsefremjande, førebyggjande, behandlande og rehabiliterande/habiliterande verksemd." Les meir om fysioterapi her. Tenesta kan innehalde: * Undersøking * Behandling * Rettleiing Målgruppe for tenesta Personar med funksjonsnedsetjing, sjukdom, skade eller muskulære plager. Personar med behov for forebyggjande tiltak. Fysioterapitenesta har eit tett samarbeid med helsestasjon, barnehage og skule om barn med spesielle behov, og med Lom Helseheim om brukarar med behov for fysioterapi. Slik får du tenesta Du kan sjølv ta kontakt for undersøking, behandling eller rettleiing. For behandling trengs ikkje lengre ei tilvising frå lege, sjukehus eller institusjon. Skule, barnehage, helsestasjon og jordmor kan tilvise til vurdering. Pris Prisen bli fastsett av Helse- og Omsorgsdepartementet med heimel i Lov om folketrygd. Alle som går til behandling hos fysioterapeut må betale eigendel frå 1.januar 2017, med unntak av born under 16 år og personar som får behandling for godkjent yrkesskade. Utgifter til fysioterapi kjem inn under "Eigendelstak 2" (kr 2.085,- i 2019). Publisert avOla Ø Rossehaug Sist endret06.03.2020 12.49