Jordmortenesta

Svangerskapskontroll

Lom kommune kan tilby deg omsorg som er basert på tid, tilgjengelegheit, medbestemmelse og respekt. Dei du pratar med tek utgangspukt i deg, familien din og din livssituasjon. Du skal få oppleve respekt og forståing for din kulturelle og etniske bakgrunn.

Jordmorteneste

Velkomen til svangerskapskontroll hjå jordmor ved Lom helsesenter. Kontortid kan variere, men vi prøvar å vere fast på måndag og onsdag. Vi kan også kontaktast på mobiltelefon utanom desse dagane. Jordmor vil gje deg god svangerskapsomsorg slik at du skal oppleve denne tida som positiv og sikre deg og barnet best mogleg velvære. Jordmor ynskjer å skape ei fin forventing fram mot fødselen og til den nye foreldrerolla. Det blir sett av god tid til samtale, informasjon og undervising. Alle gravide har ulike behov og vi prøvar å tilrettelegge omsorgen slik du ynskjer.

Sjølve svangerskapsomsorgen inneheld andre undersøkingar som

  • BT
  • Urin
  • Vekt
  • Lytte til barnets hjertelyd
  • Div. blodprøver
  • Måle korleis barnet veks i magen
  • Kartleggje barnets aktivitet i magen

Jordmor samarbeider med fastlege, og kan og henvise til ultralyd, gynekolog og fødepoliklinikk dersom det er behov for det.

Jordmorvakt

Jordmor i Lom er og ein del av det regionale vaktsamarbeidet av jordmorvakt på Otta, der ein fysisk held til i 2. etasje på NGLMS. Ordninga er døgnkontinuerleg.

Jordmorvakta omfattar:

  • Kontroll av mor som er bekymra for eiga helse eller barnet sitt, og henvising til gynekolog der det er naudsynt.
  • Vurdering av om fødsel er i gang
  • Fylgjeteneste av fødande til planlagt fødeplass
  • Hjelpe barselkvinna og hennar familie i møte med aktuelle utfordringar knytt til tilstand og situasjon.

Jordmor i Lom og Skjåk

Jordmorvakt LMS Otta

Kontakt

Jormortenesta Lom og Skjåk
Telefon 905 98 701
Eldri Engdal
Jordmor
Telefon 952 71 959
Ellen Olasveen
Jordmor
Mobil 900 24 427