Vaksinering

MMR-Vaksine (meslinger, kusma, raude hundar) til vaksne

Mange lurar på om dei treng vaksine mot meslingar. Informasjon om dette finn du under lenka til folkehelseinstituttet. Lom Helsestasjon har MMR vaksiner på lager og det er berre å bestille seg time dersom du treng vaksine. Vaksina er gratis, du betaler kun 100 kr for injeksjonen.

https://www.fhi.no/sv/vaksine/barnevaksinasjonsprogrammet/voksne-oppfriskningsvaksine/

Barnevaksinasjonsprogrammet

Tenesta tilbyr vaksinasjon etter Barnevaksinasjonsprogrammet, som er det nasjonale programmet for vaksinering mot smittsame sjukdomar etter Smittevernloven § 3-8. Nasjonalt Folkeheleinstitutt gjev føringar om det faglege innheldet som inngår i programmet, målgrupper, intervall og den tekniske smansetjinga av vaksinene. Alle barnevaksiner er gratis.  Les meir om vaksiner: https://www.fhi.no/sv/vaksine/ 

HPV-vaksinasjon

HPV - vaksine for unge kvinner født 1991 eller seinare

Du kan bestille time ved å kontakta oss på helsestasjonen.

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine: 

Folkehelseinstituttet si nettside www.fhi.no/hpv-vaksine

Reisevaksinering

For deg som skal ut og reise, kan tenesta tilby informasjon og rettleiing i høve tilrådd vaksiner for dei ulike landa i verda. Nokre vaksiner er reseptbelagte som fastlegen din må skrive ut. Les meir om reisevaksiner: https://www.fhi.no/sv/vaksine/reisevaksiner/  Pris: Injeksjon kr. 100,-. Ulik pris på kvar einskild vaksine. Betaling: kontant, kort,  faktura (gebyr kr. 50) el. Vipps (vipps-nummer 130009).

Influensavaksinering 2018

Informasjon om influensavaksinering 2018 - Klikk for stort bildeMåndag 15. oktober, kl 08:30 - 15:00

Torsdag 25. oktober, kl 08:30 - 15:00

Vis set samstundes pneumokokkvaksine på dei som ynskjer det/treng fornying.

 

Prisar: Betaling med kort, vipps, kontant eller faktura.

Anbefalt/risikogrupper kr 100,-    Andre kr 200,-

Pneumokokkvaksine kr 400,-

Kontakt

Stine Brenna
Helsesjukepleiar
Mobil 976 67 746
Liv Marie Øyjordet
Leiande helsesjukepleiar
Mobil 976 67 747