Viktig melding

17.01.25: Liavegen er stengd grunna jordras

Liavegen sør for Sagodden er framleis stengd, og vil ikkje bli opna igjen i dag (17. januar). I fylgje Statens vegvesen blir det teken ei ny vurdering på føremiddagen, laurdag 18. januar. 

 

Brøyting vinteren 2024/2025

For å melde inn attendemeldingar på strøing, brøyting og/eller anna som gjeld kommunale vegar, ta kontakt med entreprenør Reidar Andersbakken AS på vakttelefon: 480 87 527.

 

NY RENOVASJONSORDNING FRÅ 2025

Frå 01.01.2025 vart det ny renovasjonsordning. Meir om dette finn du her. 

 

Jordmorvakt

Jordmor i Skjåk er og ein del av det regionale vaktsamarbeidet av jordmorvakt på Otta, der ein fysisk held til i 2. etasje på NGLMS (Nord-Gudbrandsdal Lokalmedisinske senter). Ordninga er døgnkontinuerleg.

Jordmorvakt

Omfattar

  • Kontroll av mor som er bekymra for eiga helse eller barnet sitt, og henvisning til gynekolog der det er nødvendig.
  • Vurdering av om fødsel er i gang
  • Fylgjeteneste av fødande til planlagt fødeplass
  • Bistå barselkvinna og hennar familie i møte med aktuelle utfordringar knytt til tilstand og situasjon.

Jordmor i Lom og Skjåk

Jordmorvakt LMS Otta

  • Telefon 941 59 061
  • Held til i 2. etasje på NGLMS (Nord-Gudbrandsdal Lokalmedisinske senter), Selsvegen 20, 2670 Otta.

Kontakt

Lom og Skjåk Helsestasjon
Sentralbord
Telefon 467 00 060