Om prosjektet

Lom kommune ynskjer å skape samfunnsmessige føresetnader for ei god helse på like vilkår for heile befolkninga. I dette ligg å kunne tilby trygge og forsvarlege pleie- og omsorgstenester som både er økonomisk berekraftige og i samsvar med krav i lov og forskrift. For å nå dette målet, har vi oppretta prosjektet Framtidig bu- og tenestetilbod pleie og omsorg.

Bakgrunn

Etter krigen vart det fødd rekordstore barnekull – det fyrste kom fredsvåren i 1946. Desse såkalla babyboomarane nærmar seg no 80 år, ein alder der trongen for pleie- og omsorgstenester for alvor tek til. Dei seinare tiåra har barnekulla minka i storleik, samstundes som den gjennomsnittleg venta levealderen har auka. Det vert såleis færre og færre yngre i arbeidsfør alder, til å bidraga til pleie- og omsorgstenesta med hender og skatteinntekter. Denne trenden vil halda ved i fleire tiår framover, og er ein lagnad Lom kommune deler med resten av landet.

Utan ei tilsvarande auke i tilgjengeleg helsepersonell og økonomiske ressursar, klarar me ikkje å oppretthalda den kommunale pleie- og omsorgstenesta slik den er i dag. Ein kan drøyma om fleire tilflyttarar til Lom, og fleire arbeidsplassar som gjev klingande mynt i kommunekassa. Dette har det synt seg krevjande å få til i røynda, og er ikkje noko me kan basera oss på. Kvalifisert helsepersonell er det allereie no såpass krevjande å rekruttera til distrikts-Noreg, at utfordringa ikkje kan løysast med pengar åleine. Me lyt difor tenkja nytt.

Utan tiltak vil det ikkje verta mogleg for kommunen å tilby pleie- og omsorgstenester spesielt, og andre kommunale tenester generelt, som både er økonomisk berekraftig og i samsvar med krav i lov og forskrift.

Prosjektet si målsetting

Lom kommune ynskjer å skape samfunnsmessige føresetnader for ei god helse på like vilkår for heile befolkninga (delmål i kommuneplanen sin samfunnsdel). I dette ligg å kunne tilby trygge og forsvarlege pleie- og omsorgstenester som både er økonomisk berekraftige og i samsvar med krav i lov og forskrift. For å nå dette målet, har vi oppretta prosjektet Framtidig bu- og tenestetilbod pleie og omsorg.

Prosjektet har tre delmål:

Delmål 1
Kartlegge den noverande og framtidige trongen for pleie- og omsorgstenester.

Delmål 2
Planlegge og gjennomføre ei økonomiske berekraftig tilpassing av bu- og tenestetilbodet i pleie- og omsorgssektoren.

Delmål 3
Skape tiltak som førebyggjer helse- og funksjonstap hjå innbyggjarane fram mot og gjennom alderdomen. Vi vil etablere nye og styrke eksisterande tiltak i og utanfor den etablerte tiltakskjeda (dei einskilde pleie- og omsorgstenestene og -tiltaka Lom kommune har), for å førebyggje framtidig trong for pleie- og omsorgstenester. Her tek vi sikte på å førebyggje einsemd, passivitet og sosial isolering i alle aldersgrupper.

Alle desse tre delmåla ynskjer vi å samskape i lag med innbyggjarane, friviljuge organisasjonar, næringsliv, og akademia.

Har du innspel eller tankar? Vi vil gjerne høyre dei! Send inn innspelet ditt her. 

Kontakt

Ingrid Husom
Prosjektleiar framtidig bu- og tenestetilbod
Mobil 416 83 761