Transporttenesta for forflytningshemma

Personar som på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming har store vanskar med å nytte offentleg transportmiddel kan få tilgang til tenesta. Kravet er at ein må ha ei varig forflytningshemming. Det vil seie minimum to år, samt at ein har behov for spesialtransport. Det skal vere ein direkte samanheng mellom den varige forflytningshemminga og den manglande evna til å nytte seg av det ordinære kollektivtilbodet.

Transporttenesta (TT-ordninga) er eit tilbod til personar som ikkje kan nytte seg av ordinære kollektive transportmiddel. Ordninga skal bidra til at personar med forflytningshemming skal kunne leve eit så aktivt liv som mogleg. Unge, samfunnsaktive forflytningshemma skal prioriterast.

TT-ordninga skal berre nyttast til lokale fritidsreiser som kulturarrangement og sosiale aktivitetar, og ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapi eller andre reiser som blir dekt av folketrygda.

Heimlar blir tildelte for to år om gongen. 

Kriterium som ikkje er grunnlag for godkjenning

  • Mangel på kollektivtilbod på heimstaden er ikkje grunn til å bli godkjent som TT-brukar.
  • Naturleg alderdomssvekking er ikkje åleine grunn for å bli godkjent som TT-brukar.
  • Tidsavgrensa forflytnigshemming, herunder også kronisk forflytningshemming som berre kan knyttast til delar av året, er ikkje grunn til å bli godkjent som TT-brukar.
  • TT-ordninga er ei individuell ordning, og brukarrett kan ikkje tildelast ein institusjon. Bebuarar på institusjon kan godkjennast på individuelt grunnlag viss dei elles fyller vilkåra for godkjenning.
  • Personar som har tilgang til eigen bil fell utanfor ordninga. Dette gjeld og personar som har fått støtte til bil etter Lov om folketrygd.
  • Personar under 10 år kan ikkje godkjennast som TT-brukar.

Slik får du tenesta

Søknadsskjema og nærare informasjon om ordninga får du ved å ta kontakt med Lom og Skjåk tildelingskontor

 

Kontakt

Kathrine Brandsar
Saksbehandlar tildelingskontoret
Telefon 948 48 724