Lom stavkyrkje

Lom kyrkje er ei av dei største stavkyrkjene i Norge. Ho er bygd i tre og vart oppførd rundt år 1158. Kyrkja har korsplan og 350 sitteplassar og er framleis i bruk som hovudkyrkje i Lom. 

Kyrkja har vernestatus freda.

Historie

Tre middelalderportalar med utskjeringar er heilt eller delvis bevara. Den eldste delen er bygd i romansk stil.

Analyse av trevirket i den eldste delen viser at trea vart hogge vinteren 1157/-58. Både skipet og koret er bygd i stavteknikk og er avgrensa av ein stor hjørnestav i kvart hjørna. Kyrkja har eit heva midtrom der taket blir halde oppe av ei rad innvendige stavar (søyler). Desse stavane går frå golvet og heilt opp til taket. Opphavleg gjekk ein svalgang rundt heile kyrkja utvendig, men denne vart fjerna da kyrkja vart utvida midt på 1600-talet.

Utskorne drakehovud

Dei utskorne drakehovuda på taket er karakteristiske for kyrkja heilt frå starten.

Det øvste drakehovudet på austsida av kyrkja og mønekammen over koret er kopiar, laga i 1964, av dei opphavlege dekorasjonane frå middelalderen. Originalane, som er eineståande i sitt slag, kan ein sjå i Stavkyrkjeutstillinga i Loar-kjellaren.

Knutepunkt

Da som nå var Lom eit viktig knutepunkt mellom aust og vest. Lom kyrkje var ei travel kyrkje i middelalderen, og bygdefolket delte plassen med pilegrimane og anna ferdafolk som var på reise gjennom Lom. Prestgarden på Mo var den naturlege ferdmannskvila heilt til på slutten av 1800-talet da skysstasjonar og hotell overtok. Svartedauden i 1349 gjorde brått slutt på det travle middelalderlivet. Kyrkja sto uendra i nesten 300 år med nedgangstid og mangel både på menneskelege og økonomiske ressursar. Reformasjonen i 1537 førde ikkje til store endringar i kyrkjebygget, men altar, krusifiks og andre katolske symbol frå middelalderen vart fjerna.

Ombygging

På 1600-talet vart kyrkja for lita, og i 1608 kom den fyrste ombygginga. I koret vart det lagt ein flat himling, dekorert av ein ukjend kunstnar. Korskiljet vart òg endra til slik det er i dag, og tønnekvelven over korinngangen vart dekorert med blomar og bibelske tekstar. I 1634  vart det bygd eit lafta tilbygg mot vest. Tretti år seinare var kyrkja på nytt for lita. Ein del av kvar langvegg i stavteknikk vart teke ut og flytta bakover, og det vart bygd nye veggar i mellom desse slik at kyrkja fekk ein korsarm både mot sør og nord. Dei gamle utvendige portalane frå middelalderen vart flytta med, og desse kan ein i dag sjå på endeveggane av korsarmane. Ombygginga vart leidd av Werner Olsen, kjend kyrkjebyggjar frå Ringsaker, og han gav kyrkja sitt varemerke: Eit stort sentraltårn med høgt spir og fire småtårn rundt.

Stor samling av måleri

Lomskyrkja har ei stor samling måleri. Dei fleste er måla av Eggert Munch, presteson frå Vågå og fjern slektning av den seinare så berømte målaren Edvard Munch. I 1793 nådde akantus-utskjæringane Lom stavkyrkje. Jakup Sæterdalen frå Lia i Lom skar nye felt med akantus som vart lagt utanpå dei måla flatene på renessansepreikestolen frå 1669, slik at han fekk den rike barokkutsmykkinga vi ser i dag.  Han skar òg baldakinen over preikestolen og ein ny korboge over inngangen til koret.

Inne i kyrkja finn ein mellom anna ei stor samling måleri frå 1700-talet og mykje vakker akantusskurd. Opp gjennom tida har kyrkja vore bygd om og utvida fleire gonger, noko ein kan sjå tydelege spor av. Då kyrkja vart restaurert fyrst på 1970-talet vart det høve til omfattande utgravingar. Det  vart gjort fleire interessante funn av pilegrimsmerke, runestavar, pergamentdokument og det største samla myntfunnet i Noreg på heile 2245 myntar.

Kjelde: lomstavechurch.no

Inventar

(bilete finn du nedst på sida)

Preikestolen som blei laga i 1608 blei etterkvart bytt ut med ein større lenger fram i kyrkja. Sokneprest Povel Nilsen Friis kosta dette arbeidet, medan kyrkjelyden kosta målinga. Den var truleg måla med motiv i kvar flate. Eit av dei opprinnelege motiva inn mot koropninga er teke vare på. I 1793 kom akantusskjæringa til Lom stavkyrkje. Jakup Sæterdalen skar ut felt i "krillskurd", som blei lagt utanpå den gamle preikestolen frå 1669. Han skar òg ut ny korboge.

Det vart gjeve mange gåver til kyrkja. Treljosekruna vart gjeve til kyrkja i 1664. Det er totalt 17 treljos. Ljosekruna er raud og grønmåla, og den heng framleis i fremre del av hovudskipet.

Den eldste signerte gåva til Lom stavkyrkje er ei minnetavle. Tavla er til minne om Rolf Kristensen Blakar, og er gjeve av sonen. Maleriet forestiller Rolf Michelsen Blakar med frue og seks søner og seks døtre. Maleriet vart i 1799 fornya av ein slektning av gjevaren, Rolv Svendsen Blakar. Det vart då måla inn krossfestinga over portrettrekkja. Hovudgrunnen for slike gåver på denne tida var gjerne å heidre minna av avlidne familiemedlemmer.

Det mest sentrale i koret er takmåleriet som er utført av ein ukjent kunstnar, etter  ombygginga i 1608. I midten av måleriet er Jesu dåp omgjeve av symbola for dei 4 evangelistane: engelen for Matteus, løva for Markus, Oksen for Lukas og ørna for Johannes. Inskripsjonen rundt er oversett til: "Dette er min son den utvalde, han som eg har hugnad i. (Matt. 3,17) Høyr han!"

Det har sidan 1664 vore tre klokker i tårnet.   
No i dag er det berre den mellomste og minste som er i bruk.

Altartavla har eit rennesansemåleri av nattverden. Det er signert "1669, Joan:Nic:Hipinxit", det er diverre ukjent kven som skjuler seg bak denne signaturen. Då altarbilete fekk ei ny rame i 1721, blei engelen med disken og engelen med kalken festa til altartavla. Dei to største tinnljosestakane hadde føt, men desse vart fjerna i 1780. Dei to små er av messing.

Orgelet i Lom kykje stod ferdig i 1909. Det var ei gåve frå lomverer i Amerika som var plåga av heimlengsel. Over orgelpipene er det skore ut ein boge som er svært lik korbogen i kyrkja. på orgelfronten står det at orgelet er ei gåve frå lomverer i Amerika. I 1966 vart orgel bytt ut. Orgelfronten og bogen med utskjæringane vart behalde uendra.

For omvising i Lom stavkyrkje, send ein e-post til: booking.lomstavechurch@lom.kommune.no  

Du finn og meir informasjon om omvising på Visit Jotunheimen si nettside.