Her fylgjer ei omtale av ting som er greitt å hugse på ved planlegging av vigsel i Den Norske kyrkja. Sjå òg www.kirken.no
Her i kyrkjene i Lom ynskjer vi at vigslane skal vera så enkle som råd, da vi ikkje har dei same resursane som store kyrkjesokn har. Det er den kyrkjelege handlinga som skal stå i fokus i kyrkja denne dagen.
Dette er korleis vi organiserer vigsel i kyrkjene våre:
Datoar for vigsel vert lagt ut ca april året før, på nettside, facebook og i kyrkjeblad nr. 1. Ta kontakt med kyrkjekontoret for å høyre om datoen dykk har tenkt er ledig. Fram til 1. oktober vil datoane vera reserverte for brurepar med bustadsadresse her i Lom, og for par med tilknyting. (Føresette med bustadsadresse i Lom)
Har vi ledige tidspunkt etter denne datoen, vil vi opne for brurepar utan tilhøyre i Lom.
Vi ynskjer å nytte tidspunkta 11:00, 13:00 og 15:00 for vigsel. MEN tidspunkta kan verte endra grunna tilgang til prest. Om dette vert endra, skjer dette ca rundt nyttår.
Ledige datoar for vigsel i kyrkjene i Lom i 2026