Lom folkebibliotek

Opningstider 

Måndag  12.00 – 19.00
Onsdag  12.00 – 19.00
Torsdag  10.00 – 15.00
Fredag   10.00 – 15.00
Laurdag 10.00 – 14.00

Tre i biblioteket

  

Laurdag 13. april har vi ope 10.00 - 14.00 som vanleg. Måndag 15. april har vi ope 12.00 - 19.00. Tysdag 16. og onsdag 17. april har vi stengt. Det betyr at du må skaffe deg påskelesnad før tysdag! God påske!

Prosjektet vårt "Dei nye klassikarane" er i gang! 59 bibliotek frå Mandal i sør til Beiarn i nord har nå blitt med oss. Det synest vi er stor stas! Vi har oppretta ein nettstad til prosjektet der dei 25 nye klassikarane blir presenterte utover året: 

Moderne klassikarar. 25 nye norske

 

På biblioteket har vi utstillingar og oppmodar lomverar og alle andre til å bli med og lesa dei nye klassikarane i Bokåret 2019. Kanskje har du lese nokre frå før? Da får du stempel i registreringsskjemaet og er i gang. Premiar er ein signert klassikar og skråpå-tå på Brimi sæter. Iselin og Ola er med. Bli med du òg! 

Onsdag 6. mars er biblioteket ope frå 10.00 til 15.00. Det blir stengt på kveldstid. Endringa gjeld berre denne onsdagen. 

Måndag 4. mars frå 17.00 til 19.00 får vi besøk av Karrieresenteret. Har du spørsmål om utdanning, jobb og moglegheiter innan utdanning og yrkesliv, så stikk innom for ein hyggeleg prat over ein kopp kaffi!

1. til 10. klassingar! Hugs N-Games-turnering på biblioteket fredag 15. februar kl. 17.00. Instruktørar frå Otta og Are stiller. Kom og bli med!

I 2017 fekk Lom folkebibliotek prosjektmiddel frå Fritt Ord til å formidle klassikarar i bibliotek. Vi ynskte å sette fokus på moderne klassikarar; nye, norske utgjevingar med potensial til å bli klassikarar. Vi valde å avgrense utvalet til utgjevingar frå 2013 til 2017. 

Vi fekk med oss fire av dei fremste litteraturkritikarane i landet, Bernhard Ellefssen, Janneken Øverland, Bjørn Ivar Fyksen og Merete Røsvik, til å kåre ei liste med 25 nye klassikarar. 

Lista er klar med korte omtaler til kvar bok. Nå er også marknadsføringsmateriellet klart, og i dag sende vi ut tilbod til dei andre biblioteka i landet om å bli med. Biblioteka i Sarpsborg og Trondheim er med oss på laget frå før, og så langt i dag har bortimot tjue andre bibliotek meldt si interesse. Det synest vi er strålande! 

Vi skal opprette ein nettstad til prosjektet der vi legg ut ein ny klassikar kvar veke i 25 veker frå 1. mars. Følg med for fleire oppdateringar om klassikar-prosjektet framover. Vi gler oss til å sette fokus på ny, norsk kvalitetslitteratur i Bokåret 2019!

Prosjektet har også motteke støtte frå Kulturrådet, G-Kultur og Sparebank1 Lom og Skjåk. 

Bli med oss og dugle! Det blir litterær lunsj på biblioteket fredag 18. januar kl. 12.00. Vi byr på fine, morosame og appetittvekkjande tekster, kaffi og kakuskive til 20 kr. Velkomne skal de vera!

Juleftan: Stengt
3. dag jul: 10.00 - 14.00
4. dag jul: 10.00 - 14.00


Biblioteket held ope som normalt til og med laurdag 22. desember.
Fyrste opningsdag på nyåret er onsdag 2. januar 12-00 - 19.00.

Med ynskje om ei god jul og godt nytt bokår frå biblioteknissane.

Laurdag 15. desember kl. 14.00 kan de møte vår eigen krimduo Kroken og Kolden på biblioteket. Dei har kokt i hop nye krimgåter frå Lom i boka Frosten og døden som kom ut i haust. På biblioteket blir det samtale om boka og skrivinga med enkel bevertning til. Det blir ikkje boksal her på huset, men dei som vil, kan kjøpe bok på butikken og ta med for signering. Velkomne skal de vera!

Frå 1. november 2018 har vi innført nye summar for erstatning av tapt materiell:

Bøker og lydbøker for vaksne: 450 kr

Bøker og lydbøker for barn: 350 kr

Film og musikk: 250 kr 

Kontakt

Lom folkebibliotek
Mobil 477 11 809