Biblioteket stengt for besøk

Klikk for stort bildeBookbitesBiblioteket er stengt for besøk inntil vidare. Dette er eit tiltak vi set i verk i samråd med kommunelegen for å hindre spreiing av koronaviruset.

Biblioteket tek ikkje imot innleveringar i denne perioden med unntak av fjernlån. Lånetida blir utvida, og det blir ikkje sendt ut purremeldingar.

Det går an å bestille bøker eller andre medium i biblioteket sitt websøk, på telefon 47 71 18 09 eller på e-post til biblioteket@lom.kommune.no. Vi låner ut og ordnar bokpakker som lånarane kan hente utanfor biblioteket mellom 10.00 og 14.00 måndag til fredag. Hugs også at de kan låne e-bøker i appen Bookbites.

Alle planlagde arrangement blir avlyste eller utsette til etter påske.

Vi vil med dette bidra til å redusere omfanget av koronautbrotet. Vi håpar de ser med velvilje på tiltaka.